Nominer nokon til den første frivilligprisen i Vestland
Veit du om nokon som har utmerka seg med frivillig innsats til beste for medmenneska sine og samfunnet, anten over tid eller i eit tidsavgrensa prosjekt? No kan du nominere vedkomande til frivilligprisen.
– I samband med Frivilligåret 2022 vil vi i Vestland fylkeskommune auke statusen til, interessa for og merksemda om frivillig arbeid. Frivilligprisen er eitt av tiltaka. Vi vil gjere ekstra stas på nokon som har gjort ein ekstra innsats, og med det skape engasjement og fremje organisasjonane som står bak, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Ei anna markering av frivilligåret i Vestland finn stad i Sogndal 18. juni. Då er det klart for frivilligkonferansen, eit samarbeid mellom fylkeskommunen og ei rekke frivillige organisasjonar.
Nominer innan 15. september
Fristen for å nominere nokon til frivilligprisen er 15. september, og sjølve prisen er på 50 000 kr. Prispengane skal brukast innan frivilligfeltet, og det er prisvinnaren som avgjer kvar. Prisen blir delt ut under Kulturkonferansen i Vestland, som skal vere i Bergen 16. november.
Vestland fylkeskommune vil med prisen heidre ein initiativrik person, organisasjon, gruppe eller foreining. Vedkomande må ha utmerka seg med frivillig innsats til beste for både innbyggarane og samfunnet i Vestland. Den eller dei som har fått prisen bør vere rollemodellar, førebilde og til inspirasjon for andre. Prisen kan ikkje gå til ein offentleg aktør.
Mangfald, breidde og nyskaping
– Målet med prisen er å motivere, synleggjere og verdsetje frivilligheita. Han skal vise både eigenverdien og samfunnsverdien til frivilligheita ved å løfte fram gode førebilde og resultat av frivillig innsats, seier Stian Davies.
Frivilligprisen er del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, breidde og ein nyskapande frivillig sektor.