Fire miljøferjer døypt i Vestland

Det var folkefest i Sunde og Jondal då fire av dei nye miljøferjene i Vestland vart døypte 23. og 24. mai. Dette var eit etterlengta startskot på dei nye miljøkontraktane for utsleppsfrie ferjer.

Fylkesvaraordførar i bunad som skal døypa ferja. Foto.
FERJEDÅP: Fylkesvaraordførar Natalia Golis døypte ferja Sildafjord på sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes med hjelp av Dagfinn Neteland, adm. dir. i Fjord1. Foto: Kal Inge Nygård/Vestland fylkeskommune

Dei fire ferjene går på samband i Sunnhordland og Hardanger. Dei ureinar ikkje og går på batteri som blir lada gjennom infrastruktur på ferjekaiene.

Gudmor og skipsførar i festklede og blomar i handa. Foto.
Gudmor Sigrid Brattabø Handegard på ferja Samlafjord i Jondal og skipsførar Atle Sollesnes. Foto: Heidi Skorpen/Fjord1

Ferjeløft

– Med dei fire dåpane markerer vi det store ferjeløftet som Vestland fylkeskommune har bidrege til. Vi har sett inn topp moderne fartøy og investert tungt i det grøne skiftet, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 som eig og driv ferjene.

Oppstilt bilete av folk i festkle. Foto.
MF Sildafjord i bakgrunnen, framfor står kaptein Ronny Vedå, gudmor og overstyrmann for MF Hillefjord Britt-Helen Raae, gudmor for MF Florøy Anne-Mari Sundal Bøe (økonomi- og finansdirektør), gudmor for MF Sildafjord Natalia Antonia Golis (fylkesvaraordførar i Vestland), og administerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland. Foto: Heidi Skorpen/Fjord1

Gudmor

Frå fylkeskommunen deltok mellom anna fylkesordførar Jon Askeland, fylkesvaraordførar Natalia Golis og Sigrid Brattabø Handegard frå fylkesutvalet. Golis var gudmor for ferja Sildefjord som trafikkerer sambandet Gjermundshamn- Varaldsøy – Årsnes, mens Handegard var gudmor for ferja Samlafjord som går mellom Jondal og Tørrvikbygd.

Korps som spelar utandørs, bygdefolke som publikum. Foto.
Skulemusikken og bygdefolk deltok ved ferjedåpen i Jondal. Foto: Heidi Skorpen/Fjord1

Skulemusikk

Tre av ferjene vart døypt ved Sunde båtkai i Kvinnherad. I tillegg til Sildafjord, var det ferjene Hillefjord og Florøy som trafikkerer sambandet Skjersholmane – Ranavik. Ferja Samlafjord vart døypt ved Jondal ferjekai.

Skulekorps spela og det vart servert kaffi, sveler, kaffi og annan drikke. I tillegg fekk publikum vere med på visingstur.

Vestland er fylket med flest elferjer