ferje sett ovenfrå
KOMMANDØREN: Ferja som sluttar den elektriske ferjeringen går mellom Halhjem og Våge. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Vestland er regionen i verda med flest elferjer

Ambisiøse politikarar tok på seg den grøne leiartrøya og spente innkjøpsmuskelen i klimavenleg retning. Det har ført til at alle fylkesvegferjene i tidlegare Hordaland denne hausten blir elektriske, og at CO2-utsleppa frå ferjene neste år har gått ned med om lag 90 prosent i den delen av fylket.

Det har skjedd ein elektrisk ferjerevolusjon i Vestland. Første etappe starta i 2019. Då slapp dei fylkeskommunale og langt frå elektriske ferjene ut 67 600 tonn CO2 i året. Året etter var elektrifiseringa i gang, og CO2-utsleppa enda på 50 300 tonn. I år vert det siste ladeanlegget sett i drift og utsleppa går ytterlegare nedover. Når vi summerer opp 2022, kjem utsleppa truleg til å vere på 20 100 tonn.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

Det betyr ein utsleppsnedgang i Vestland samla på ca. 70 prosent frå 2019 til 2022. Nokre av sambanda i Sogn og Fjordane er framleis konvensjonelle. Dessutan kjem vi ikkje heilt i null med dei hybridelektriske ferjene, operatøren har eit handlingsrom til å nytte diesel ved dårleg vêr og avvik.

CO2-utslepp frå fylkeskommunale ferjer (i tonn)

Graf som syner Co2-utslepp 2019, 2020 og prognose for 2022

2022 blir det første året med heilårseffekt av elektrifiseringstiltaka for ferje.

Flest elferjer i verda

Vestland har dei siste åra blitt det området i verda med flest elferjer. Eit offensivt næringsliv hjelper og dreg oss framover inn i ei elektrisk framtid.

 Elferja Kommandøren på veg inn til lading.
LADING: Elferja Kommandøren på veg inn til lading. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

– Verdas leiande næringsklynger for maritim miljøteknologi har hovudkontor i Vestland, saman med batterifabrikken Corvus og framtidsretta reiarlag og leverandørindustri. Når vi legg dei mange elferjene på toppen, blir Vestland sentrum i verda for elektrifisering, seier Sølve Dag Sondbø, seksjonssjef for grøn vekst, klima og energi i Vestland fylkeskommune.  

Hamnene på Vestland har i tillegg verdas tettaste konsentrasjon av landstraumanlegg. I Bergen hamn finn du Europas største landstraumanlegg for cruiseskip.

Tøffa seg og vann

Korleis kom vi hit? Jo, det var dei ambisiøse politikarane. Vi spolar tilbake til Hordaland i 2016, då ferjene var ein av klimaverstingane.

Fylkespolitikarane samla seg på tvers av politiske parti då det skulle ut eit nytt anbod på ferjekontraktar. Dei kravde minst 55 prosent reduksjon av klimagassutslepp i neste kontraktsperiode for dei 16 sambanda i anbodet. Teknologien var ikkje 100 prosent på plass, men fylkespolitikarane tok sats og sende kravet ut i marknaden.

Fylkesordførar Jon Askeland var med på starten av ferjerevolusjonen, som fylkestingsrepresentant for Senterpartiet og medlem av samferdsleutvalet.

– Vi tøffa oss og vann! Løysingane som kom inn, overgjekk forventningane våre om kva vi kunne oppnå. Det synte seg at det var ei vinnaroppskrift å stille miljøkrav i offentlege innkjøp. Det gav stor motivasjon til å halde fram i grøn retning. Den banebrytande satsinga på nullutsleppsferjer som vi har gått i bresjen for, har drive fram eit viktig teknologisk skifte hjå leverandørindustrien, seier han.

Logo til FNs berekraftsmål 7

FNs berekraftsmål 7.2

Innan 2030 auke prosentdelen fornybar energi i det samla energiforbruket i verda vesentleg.

Krevjande økonomi

Fylkeskommunen vann på miljøsida, men måtte betale prisen på økonomisida. Det kostar å vere offensiv og få på plass ny teknologi. Ferjekontraktane på dei elektriske ferjene har ein årleg meirkostnad på rundt 350 millionar kroner for fylkeskommunen.

Vestland fylkeskommune fekk i 2020 om lag 77,5 av 150 millionar kroner som regjeringa sette av i tilskot til ferjefylka i forslaget til revidert nasjonalbudsjett. At Vestland var først ute med å ta i bruk ny teknologi var bakgrunnen for at vi fekk så stor del av potten. Dei raude tala ferjene gav, er noko av grunnen til at fylkeskommunen vil ha meir økonomisk ryggdekning frå staten når det gjeld å få på plass utsleppsfrie hurtigbåtar.

Elferja Møkstrafjord


Den første elektriske ferja var Møkstrafjord, som trafikkerte sambandet Krokeide–Hufthamar og var sett i drift i 2018.

Møkstrafjord gjekk i starten delvis på elektrisitet og delvis på diesel, då ladeinfrastrukturen ikkje var fullt utbygd.

ferje
Foto: Stanley Hauge.
Kabelferje.
Foto: Stanley Hauge.

Kabelferja Fjon


Sambandet Masfjordnes–Duesund vart det første heilelektriske sambandet i Hordaland då den elektriske kabelferja Fjon vart sett i drift 1. januar 2019.

Totalt er det no 31 elferjer som trafikkerer samband i Vestland, 22 av dei går på fylkesvegsamband og ni på riksvegsamband.

Kommandøren sluttar ringen

Ferja som sluttar den elektriske ferjeringen i gamle Hordaland heiter Kommandøren og går mellom Halhjem og Våge. Ho vart del av den stolte elferjeflåten til Vestland fylkeskommune i 2020, men sambandet har fram til no vore halvelektrifisert. Kommandøren brukar 35 minutt på ein overfartstur, og etter lading i ti minutt er ho klar for ny tur over Bjørnafjorden.

Ferja har plass til 120 bilar og 400 passasjerar, og alle dei nye elferjene har mykje mindre motorstøy enn konvensjonelle ferjer.

dronebilde av el-ferje
HALHJEM–VÅGE: Folk kjem seg utsleppsfritt over fjorden. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Den aller første batteriferja


Den aller første batteridrivne ferja i Vestland – og i Noreg – gav dei om lag 30 øybuarane på Hisarøy i Gulen fastlandssamband i 2013. Det var ferja MF Hisarøy, som då vart sett opp på det nyopna ferjesambandet Mjåneset–Hisarøy.

MF Ampere på Lavik–Oppedal blir likevel rekna som den første heilelektriske bilferja i og med at ho seglar fritt og ikkje er ei kabelferje.

folk som venter på ferje
Foto: Statens vegvesen.

Ikkje i mål, men det nærmar seg

Når ladeinfrastrukturen på Våge blir ferdig no i haust, blir sambandet heilelektrisk. Dermed er alle dei fylkeskommunale ferjesambanda på hordalandssida av den gamle fylkesgrensa elektriske. På den andre sida av grensa er Barmen–Barmsund og Hisarøy–Mjånes elektrifiserte. Seks samband står att.

– Fylkeskommunen har ansvar for 25 ferjesamband, 19 av dei er no elektrifiserte. Det er 76 prosent, men vi gir oss ikkje før vi når 100. Framover er det berre elektrisk ferjedrift som gjeld i Vestland. Når vi går inn i nye kontraktar, går vi over til elektrisk drift på alle sambanda. Vi har vore pionerar i dette arbeidet, men vi skal på ingen måte kvile på laurbæra, slår fylkesordføraren fast og syner også til arbeidet med utsleppsfri kollektivtrafikk og målet om utsleppsfrie hurtigbåtar.

Til samanlikning har eit anna stort ferjefylke, Nordland, 27 bilferjesamband, der ingen så langt er elektrifiserte. Men det er planlagt elektrisk eller hydrogen-elektrisk drift på seks av dei.

Logo til FNs berekraftsmål 9

FNs berekraftsmål 9.4

Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet.

Miljøkrav gav ny teknologi

Det er Fjord1 som opererer både Møkstrafjord og Kommandøren, dei to ferjene som starta og slutta den elektriske ferjerevolusjonen i Hordaland. Administrerande direktør, Dagfinn Neteland, fortel at Vestland fylkeskommune skal ha stor del av æra for at Fjord1 var såpass tidleg ute med miljøvenlege ferjer som dei var.

– Det var miljøkrav frå det offentlege som fekk oss til å satse på den nye teknologien. Då krava kom, følgde vi dei opp, først på Anda–Lote frå 1. januar 2018. Så fekk vi elferjer i Hordaland og deretter i Møre og Romsdal. No har vi 26 elektriske ferjer på 14 samband.

Neteland seier dei har gode erfaringar med elferjene.

– Det er tre og eit halvt år sidan starten. Erfaringane våre er gode, både med lading, ladeeffekt og batteri. Elferjer har vore ubetinga positivt. Ingen andre har gjort dette før oss, og leverandørane er flinke, seier han.

smilende mann med briller foran en ferje
Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune har vore kjempesmarte. El-drift på ferjene er komen for å bli. Vi skal ta leiarposisjon med elektriske ferjer. Dagfinn Neteland, adm. dir. i Fjord1

Mange fordelar

Dagfinn Neteland ser mange fordelar med ferjer på batteridrift. Dei er viktige for klima og miljø, men òg mykje meir energieffektive enn ferjer med fossilt drivstoff.

– Miljøgevinsten er den viktigaste grunnen til å satse på elferjer. Men elferjer er ikkje berre bra for miljøet. Batteriteknologien har utvikla seg enormt, og det er rimelegare å bruke straum som energikjelde. Vi får meir effekt og mindre volum med batteri om bord. Til samanlikning er diesel tre gonger så dyrt, og biodrivstoff er tre gonger dyrare enn det igjen. Vestland fylkeskommune har vore kjempesmarte. El-drift på ferjene er kome for å bli. Vi skal ta leiarposisjon med elektriske ferjer, slår Dagfinn Neteland fast.