Fire miljøferjer døypt i Vestland
Det var folkefest i Sunde og Jondal då fire av dei nye miljøferjene i Vestland vart døypte 23. og 24. mai. Dette var eit etterlengta startskot på dei nye miljøkontraktane for utsleppsfrie ferjer.

Dei fire ferjene går på samband i Sunnhordland og Hardanger. Dei ureinar ikkje og går på batteri som blir lada gjennom infrastruktur på ferjekaiene.

Ferjeløft
– Med dei fire dåpane markerer vi det store ferjeløftet som Vestland fylkeskommune har bidrege til. Vi har sett inn topp moderne fartøy og investert tungt i det grøne skiftet, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 som eig og driv ferjene.

Gudmor
Frå fylkeskommunen deltok mellom anna fylkesordførar Jon Askeland, fylkesvaraordførar Natalia Golis og Sigrid Brattabø Handegard frå fylkesutvalet. Golis var gudmor for ferja Sildefjord som trafikkerer sambandet Gjermundshamn- Varaldsøy – Årsnes, mens Handegard var gudmor for ferja Samlafjord som går mellom Jondal og Tørrvikbygd.

Skulemusikk
Tre av ferjene vart døypt ved Sunde båtkai i Kvinnherad. I tillegg til Sildafjord, var det ferjene Hillefjord og Florøy som trafikkerer sambandet Skjersholmane – Ranavik. Ferja Samlafjord vart døypt ved Jondal ferjekai.
Skulekorps spela og det vart servert kaffi, sveler, kaffi og annan drikke. I tillegg fekk publikum vere med på visingstur.