Isabel og Lars fann gull

Det var andre dag i felt som arkeologar for Vestland fylkeskommune. Plutseleg gjorde ekteparet Lars Jølle Berge og Isabel Furesund Berge det største gullfunnet på Vestlandet på over 50 år.

Arkeolog Lars Jølle Berge med gullfunn
GULL: Lars Jølle Berge torde ikkje heilt å tru at det faktisk var gull han og kollega Isabel Furesund Berge fann i sjakta på Espeland utanfor Bergen. Men etter grundige undersøkingar i samarbeid med Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen, kunne dei sleppe jubelen laus. Foto: Vestland fylkeskommune

Dei stod framfor gravemaskina i sjakta på Espeland i Bergen kommune, då dei såg at det glitra i jordkanten på sjakta.

– Du tenkjer det er gull, men trur likevel ikkje heilt på det. Det måtte tre mann til før vi torde å sleppe jubelen laus, fortel Isabel.

foto av arkeolog Isabel Furesund Berge i sjakt med gullfunn
FUNNSTAD: Arkeolog Isabel Furesund Berge syner kvar dei fann gullet i utkanten av sjakta som var gravd opp. Etter kvart som dei rensa fram ringane, synte det seg at gullfunnet var større enn dei først trudde. Foto: Vestland fylkeskommune

Temmeleg tilfeldig

Berge og Berge tilkalla Fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen og saman undersøkte arkeologane nøye det spennande funnet.

– Det var temmeleg tilfeldig at vi fann det. Vi undersøkjer jo med alle sensorar ute, men ventar ikkje slike funn. Vi var på jakt etter dyrkingslag då gullet plutseleg dukka opp. Det var eigentleg flaks at gravemaskina ikkje var borti det, fortel Lars.

Arkeologane var ute i samband med arkeologiske registreringar knytte til planane om ny E16 mellom Arna og Stanghelle.

Eit utruleg funn

Det synte seg at det som glitra i jorda var ringar av betalingsgull frå eldre jernalder. Gullfunnet har ei totalvekt på 155,9 gram og er sett saman av sju ulike ringar festa til ein stor oval løkkeforma ring.

– Det er eit heilt utruleg funn og litt av ein start på årets feltsesong for arkeologane våre. Universitetsmuseet daterer slike ringar til eldre jernalder og mellom år 200 og 550 etter vår tidsrekning, seier David Aasen Sandved, seksjonssjef for kulturarv i Vestland fylkeskommune.

foto av gullfunn frå Espeland utanfor Bergen våren 2021
BETALINGSRINGAR: Gullringane vart truleg brukte som betaling før pengeøkonomien og viser tette relasjonar til Sør-Europa og Romarriket, er konklusjonen frå Universitetsmuseet. Foto: Adnan Icagic, Universitetsmuseet i Bergen

Stort å vere med på

Arkeologane gjorde funnet sist onsdag, men måtte halde det hemmeleg fram til måndag morgon – noko som ikkje har vore heilt enkelt.

– Det er utruleg stort, og karrieren kan berre gå nedover herifrå. Det har vore vanskeleg å ikkje dele det i sosiale medium i helga, for dette er veldig stort å vere med på. Det er spesielt å vere dei første som ser det og grev det fram, fortel Lars.

Forvaltar kulturarven

Fylkeskommunen utfører arkeologiske registreringar for alle større private og offentlege tiltak, for å sikre at planar ikkje kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne. Kulturminne frå før 1537 er automatisk freda.

– Dette er ei fantastisk sak, som syner det viktige ansvaret fylkeskommunen har for kulturarven vår. Takka vere funnet arkeologane våre gjorde her, får vi vite meir om historia vår. Vi får eit innblikk i livet og levemåtane til menneska som forvalta Vestland før oss. Kvart nytt funn gir ny kunnskap, seier fylkesordførar Jon Askeland.

foto av funnstad for gullringar ved Espeland våren 2021
TRULEG OFFER: Funnstaden tyder på at gullringane truleg er lagt ned som offer til gudane. Foto: Thomas Bruen Olsen, Universitetsmuseet i Bergen

Truleg offer til gudane

Gullringane som vart funne, vert gjerne omtalte som betalingsringar og er frå tida før pengeøkonomien. Ved behov kunne ein klype av ein bit, og vekta på avklyppet bestemde verdien. Truleg er avklyppa brukte i ulike samanhengar, til dømes som gåver til undersåttar, for å betale bøter og blodpengar, og som gåve til gudane ved ofringar.

Omstenda rundt funnet tyder på at gullringane kan ha vore lagde på staden som eit offer til gudane. Det vart funne inntil ei steinblokk som ligg i grensa mellom innmark og utmark, like ved ei vasskjelde. Steinblokker og vasskjelder har vore dei vanlegaste stadane for ofringar i førhistoria.

Du kan lese meir om gullfunnet på nettsida til Universitetsmuseet.

Videoen er produsert av Universitetsmuseet i Bergen.