Fallem fekk farten ned

I desember 2020 vart Noregs første Actibump tatt i bruk. Den neste kan vere på plass alt i løpet av året.

To politikarar med ein sykkel. Foto.
FØRST I NOREG: I desember 2020 markerte fylkesordførar Jon Askeland og samferdslepolitikar Marthe Hammer at Bergen var først i landet til å ta i bruk intelligent trafikkstyring. No kjem det ein «fallem» til i Bergen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Dette er ei luke i vegen som fell seks centimeter ned om du køyrer for fort. Ubehageleg å køyre over, men ikkje farleg. Køyrer du i fartsgrensa merker du ingenting.

Actibumpen har blitt evaluert, og konklusjonen er at dette fungerer så bra at det alt er bestilt ein til.

Vestland fylkeskommune fekk bygd systemet i Nattlandsveien i Bergen. I løpet av eitt år er det gjort registreringar og observasjonar av før- og ettersituasjonen.

– Dette er eit strålande døme på kva ein kan få til når ein tør å tenkje nytt. Me har vore spente på kva evalueringa ville fortelja oss, men desse funna er eintydige på at dette er teknologi det er vel verd å satse vidare på, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Ulike typar fartsdemping

Fartshumpar og heva gangfelt har mest fartsreduserande effekt på tungtrafikk, mens fartsputer har betre fartsreduksjon på personbilar. Tungtrafikk, inkludert bussar, vil på grunn av sporbreidde kunne passere fartsputer utan særleg hindring, men fartsputer høver dårleg i kombinasjon med sykkelfelt. Difor er det ønskeleg å vurdere alternativ som ikkje gjev skilnad på køyretøy, og gir jamn trafikkflyt på rett side av fartsgrensa. Actibump er eit slikt godt alternativ. God trafikkflyt forureinar også mindre enn når du må bremse og gasse.

Sentrale funn presentert i rapporten

  • Luka mot sør blir utløyst langt oftare enn luka mot nord
  • Det har vore ein markant fartsreduksjon
  • Svært få tilbakemeldingar frå publikum
  • Naudetatane er positive
  • Ikkje observert eller motteke informasjon om uønska hendingar knytt til systemet.

Ny Actibump

Konklusjonen er altså at farten gjekk ned. Tiltaket har fungert så bra at det kjem endå ein, kanskje alt i løpet av året. Den skal monterast på Florida ved bybanestoppet. Den nye Actibumpen blir finansiert av Miljøløftet.