– Intelligent trafikkstyring for intelligente bergensarar

– Vi er først i Noreg. Dette er intelligent trafikkstyring for intelligente bergensarar, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at den første fallemmen som skal stoppe råkøyrarar, vart sett i drift i Nattlandsveien 18. desember.

BLÅLYS: – Eg var skeptisk til å køyre med tohjuling. Eg merka eit rykk, men det gjekk bra, seier politioverbetjent Atle Heradstveit, som var den første som prøvde fallemmen i Nattlandsveien.
BLÅLYS: – Eg var skeptisk til å køyre med tohjuling. Eg merka eit rykk, men det gjekk bra, seier politioverbetjent Atle Heradstveit, som var den første som prøvde fallemmen i Nattlandsveien.

Fallemmen er nedfelt i køyrebana i begge køyrefelt ved ein fotgjengarovergang. Den fell seks centimeter ned når bilar køyrer for fort. 

– Her brukar vi intelligent digital teknologi. Køyrer du for fort, utløyser fallemmen seg, bilhjula dett ned i den og du får eit lite rykk i bilen. Men køyrer du innafor fartsgrensa, er vegen flat, og du merkar ingenting, seier Askeland.

Sjå video:

– Det var som å køyre på brusteinen i Bergen sentrum, seier Thomas Knarvik ved ambulanseavdelinga i Helse Bergen, etter å ha blitt fanga i fallemmen.
– Det var som å køyre på brusteinen i Bergen sentrum, seier Thomas Knarvik ved ambulanseavdelinga i Helse Bergen, etter å ha blitt fanga i fallemmen.

Mykje trafikkert gate

På denne staden i Nattlandsveien er fartsgrensa 40 kilometer i timen.

– Fallemmen er eit trafikksikringstiltak. Vegen skal vere trygg for alle. Dette er ein mykje trafikkert gate med mange fotgjengarar og blinde og svaksynte. Fallemmen gir eit rykk i bilen som er ufarleg. Dette er ein beskjed om at du må skjerpe deg, seier fylkesordførar Jon Askeland.  

Testa av ambulanse

Før fallemmen vart teken i bruk, testa ein ambulanse den under utrykking.

– Eg merka fallemmen godt, men det var ikkje ubehageleg. Det var ikkje verre enn å køyre på brusteinen i Bergen sentrum. Det var som å køyre på ein vestlandsveg med hol. Det skal gå greitt å køyre ambulanse under utrykking med pasient i bilen. Men har vi ein pasient med brot eller ryggskader, må vi ta meir omsyn, men det må uansett gjere med slike pasientar, seier Thomas Knarvik ved ambulanseavdelinga i Helse Bergen.

– Fallemmen er eit trafikksikringstiltak og gir eit rykk i bilen, som er ufarleg. Dette er beskjed om at du må skjerpe deg, seier fylkesordførar Jon Askeland som saman med Marthe Hammer, nestleiar i trafikktryggingsutvalet, står ved fallemmen.

Politi med blålys

Den første som fekk prøve fallemmen, var politiet på motorsykkel med blålys.

– Eg var skeptisk til å køyre over med tohjuling, men det gjekk bra. Eg merka eit rykk, men det var lite og gjekk heilt fint. Det som er bra med dette, er at dei som følgjer fartsgrensa, merkar ingenting, mens dei som køyrer litt for fort, får ei påminning om å slakke ned litt, seier Atle Heradstveit, seksjonsleiar trafikk ved Vest politidistrikt.

Ein radar er montert for å måle farten, men dette fører ikkje til bøtelegging eller registrering av kven som køyrer for fort.

– Fallemmen er teken i bruk for å endre køyreåtferda. Vi skal halde fram med laserkontroll. Det er mange utfordringar her med høg trafikk, mykje fotgjengarar, hus for blinde og mange eldre. Vi skal halde oppe trykket slik vi pleiar, seier politioverbetjent Atle Heradstveit.

– Det er ikkje problem med å køyre over fallemmen med sykkel om du er innafor fartsgrensa, seier Marthe Hammer.
– Det er ikkje problem med å køyre over fallemmen med sykkel om du er innafor fartsgrensa, seier Marthe Hammer.

Testa fallemmen på sykkel

Nestleiar i trafikktryggingsutvalet i Vestland, Marthe Hammer, testa fallemmen på sykkel.

– Syklistane kan her få høg fart på veg mot sentrum, men fartsgrensa gjeld dei òg. Det er lagt til rette med sykkelfelt på begge sider av vegen, men det er heller ikkje problem å køyre over fallemmen med sykkel om du er innafor fartsgrensa, seier Marthe Hammer som var med på vedtaket i trafikktryggingsutvalet om å plassere fallem i Natlandsveien. Jon Askeland var leiar av utvalet då dei gjorde vedtaket.

Marthe Hammer, nestleiar i trafikktryggingsutvalet i Vestland, viser at det er god plass til syklistar ved sida av fallemmen.
Marthe Hammer, nestleiar i trafikktryggingsutvalet i Vestland, viser at det er god plass til syklistar ved sida av fallemmen.

Har god verknad på trafikken

– Dette er eit prøveprosjekt for å teste ut teknologien. Det er spennande å gå i bresjen for dette. No skal vi sjå korleis det fungerer, før vi vurderer kva vi skal gjere vidare, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fallemmen er eit svensk produkt og har til no vore utprøvd i Sverige og Australia. Erfaringar derfrå viser at fallemmen verkar godt. Har du først blitt tatt i fallemmen, vil du helst ikkje gjere det igjen. Etter kvart vil det store fleirtalet av køyrande halde seg til fartsgrensa. Trafikksystemet er utvikla av Edeva AB og har namnet Actibump.