Etablerer nasjonalt kompetansesenter for gaming og e-sport i Vestland

– Som fylke har Vestland teke ein viktig nasjonal posisjon i å legge til rette for gaming og e-sport, og vi deler gjerne kunnskapen vår med resten av landet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Foto av to menn som held sjekk på 3,5 millionar kroner mellom seg.
MILLIONGÅVE: Styreleiar i Vestlandet E-sport, Frank Willy Djuvik, tok imot sjekken på 3,5 millionar kroner frå dagleg leiar Frode Nergaard Fjeldstad i Agenda Vestlandet. (Foto: Vestlandet E-sport)

Han er svært glad for at Agenda Vestlandet no gir 3,5 millionar kroner til etablering av eit nasjonalt kompetansesenter for dataspel og e-sport. Pengane blir gitt til Vestlandet E-sport med utgangspunkt i prosjektet Aktive Gamere, som dei har saman med Idrettsklynge Vest, der fylkesordføraren er styreleiar.

Største fritidsaktiviteten

Aktive Gamere har allereie etablert seg som eit regionalt ressurs- og kompetansesenter, og det er dette som no skal utviklast til eit nasjonalt tilbod. Agenda Vestlandet er stiftinga til Sparebanken Vest.

– Gaming er den største fritidsaktiviteten for barn og unge. Men vi vaksne har ikkje teke dette på alvor før no. Med dette senteret legg vi til rette for meistring og utvikling, i staden for peikefinger og ugrunna bekymring. Difor har Agenda Vestlandet støtta opprettinga av senteret, som skal vere eit nasjonalt ressurssenter, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.

Første fylke med e-sportstrategi

Vestland fylkeskommune og fylkesordførar Jon Askeland har vore involvert i arbeidet med å få på plass eit nasjonalt kompetansesenter.

– Vi har som einaste fylkeskommune i landet vedteke ein regional e-sportstrategi, og vi er utolmodige etter å utvikle gaming og e-sport. Difor betyr det mykje for arbeidet til fylkeskommunen at vi no etablerer eit nasjonalt kompetansesenter, seier Askeland.

Fylkeskommunen har også blant anna sendt ein førespurnad til regjeringa om å ta nasjonalt kompetansesenter inn i statsbudsjettet for 2023, noko det ikkje var rom for.

Utdanning, forsking og folkehelse

Målet med Aktive Gamere-satsinga er at alle barn og unge skal ha eit tilbod om å ta gaming- og e-sport-aktivitet ut av barne- og ungdomsromma og inn i sosiale fellesskap. Det skal vere plass til både breidde og topp, organisert og eigenorganisert aktivitet.

Det nasjonale kompetansesenteret skal byggast på tverrfagleg kompetanse, med sterk tilknyting til utdanning og forsking sett i eit folkehelseperspektiv. Senteret skal systematisere og vidareutvikle dei gode synergiane, den faglege breidda og verdiane som ligg til grunn. Det skal òg styrke nyskapande kompetansearbeid og kompetansen i kommunar, organisasjonar, idrettslag, klubbar og ikkje minst for barn og unge over heile landet.

Senteret skal jobbe med

  • kunnskapsdeling
  • forsking og utvikling
  • utvikling av rettleiande materiell
  • anleggsutvikling
  • ungdomsmedverknad
  • haldningsarbeid
  • inspirasjon

Det skal også vere ein møteplass for deling av kunnskap på tvers.

Les meir om satsinga Aktive Gamere på nettsida deira.