Julian (16) fekk e-sportstipend på 40 000 kroner

– No kjem eg til å satse endå meir, seier Julian Lærkerød (16) då han fekk e-sportstipendet til Vestland fylkeskommune på 40 000 kroner.

Stian Davies, Julian Lærkerød og Frank Willy Djuvik på scenen med stipendet til Julian.
Julian Lærkerød fekk e-sportstipendet til Vestland fylkeskommune på Aktive Gamere konferansen. Stian Davies (t.v.) delte det ut. Frank Willy Djuvik er leiar i Vestlandet E-sport. Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune.

For andre år på rad delte Vestland fylkeskommune ut e-sportstipendet på Aktive Gamere konferansen på Bergen kino. Stipendet går til ein utøvar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan e-sport. Med fagleg bistand frå Vestlandet E-sport blei Julian Lærkerød frå Alver plukka ut som den heldige mottakaren av stipendet.

Stort potensial

Det var Stian Davies, leiar av hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune som delte ut stipendet.

Vi la stor vekt på vidareutvikling som eit kriterium for stipendet og det er ingen tvil om at Julian har et enormt potensial til å bli ein veldig god e-sportutøvar både nasjonalt og internasjonalt, sa Stian Davies under utdelinga.

Julian spelar for Boom Stars Esport som ligg godt plassert i 2. divisjon i Telialigaen med gode føresetnadar for opprykk. Her spelar han Rocket League, eit spel som kombinerer fotball, bilkøyring og fysikk, og har 40 millionar spelarar verda over.

– Ambisjonane mine er å rykke opp til 1. divisjon med laget mitt, og satse vidare internasjonalt. Eg kjem til å gjere mitt beste, seier den ambisiøse 16-åringen.

Skryt frå e-sportpresidenten

Aktive Gamere er eit konsept som er utvikla av Idrettsklynge Vest der mellom anna Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Olympiatoppen Vest er med.

Konferansen hadde eit bredt program kor blant anna forskarar frå Universitetet i Bergen, kvinnelandslaget i CS:GO, foreldre frå Søreide IL og presidenten i Norges e-sportforbund, Himanshu Gulati, stod på scena.

Gulati er imponert over kor dyktig Vestland fylkeskommune har vore i satsinga på e-sport.

– Vestland er eit forbilde for andre fylker, og eg håpar andre fylker ser hit for inspirasjon, seier han.

President i Norge e-sportforbund, Himanshu Gulati på scenen under Aktive Gamere konferansen.
Vestland fylkeskommune fekk mykje skryt frå Himanshu Gulati, president i Norges e-sportforbund. Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune.

– E-sport er idrett

Vestland er det einaste fylket som deler ut utviklingsstipend for e-sport, og har likestilt stipendet med stipend til utøvarar frå andre idrettar.

– Målet er å bidra til å legitimere e-sport som ein idrett og utøvande konkurransegren, og gaming som fritidsaktivitet. Vi vil flytte spelarar ut av jente- og guteromma og inn i sosiale fellesskap slik at dei kan utvikle seg saman med andre, seier Stian Davies.