Eksponering ein nøkkel for nynorskframtida

Kva kår har nynorsken i næringsliv og utdanning? Korleis ser framtida ut? Det var tema for språkkonferansen i Bergen 25. mai. Eit stikkord som gjekk att var eksponering.

foto av Gunn Aase Moldestad i Sparebanken Sogn og Fjordane
GÅ FØRE: Sparebanken Sogn og Fjordane vil å gå føre. Banken brukar nynorsk som både forretningsspråk og i alt merkevarearbeid, når dei ønskjer å viske ut geografiske grenser og sikre seg kundar over heile landet. Det fortalde marknadssjef Gunn Aase Moldestad på språkkonferansen i Bergen 25. mai. (Foto: Åge Avedal/Vestland fylkeskommune)

Kva betyr det å bli eksponert for nynorsk? Jo, å sjå nynorske tekstar på bussen, på sjukehuset, helsesenteret, butikken, i filmar og tv-seriar – blant anna.

– Eg opplever å få tilbakemeldingar som «kvifor skriv du nynorsk? Eg skjønnar det ikkje» på e-postar eg sender. Hadde folk vore meir eksponerte for nynorsk, så hadde ein ikkje fått slike tilbakemeldingar. Det handlar om eksponering og haldningsendring. Vi må også vere meir frampå og ikkje ha haldninga «jaja, vi skjønnar jo bokmål òg», sa Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver og representant for KS Vestland på konferansen, som vart arrangert av nettverket Nynorskfylket Vestland.

foto av Sara Sekkingstad, Ole Henrik Mølmann, Herborg Kolbeinshavn, Trude Bukve og Roar Ulvestad
PANELSAMTALE: Språkkonferansen vart avslutta med ein panelsamtale med f.v. Sara Sekkingstad, KS Vestland; Ole Henrik Mølmann, Vestland fylkeskommune; Herborg Kolbeinshavn, Katten målungdom; Trude Bukve, Høgskulen på Vestlandet; Roar Ulvestad Utdanningsforbundet Vestland. (Foto: Åge Avedal/Vestland fylkeskommune)

– Funkar som ei kule

Ein av dei som faktisk syter for at folk i både Vestland og resten av landet faktisk blir eksponerte for nynorsk, er Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har kundar over heile landet og brukar nynorsk som både forretningsspråk og i alt merkevarearbeid.

– Bankar har same produkt og same tenester. Korleis kan vi bruke nynorsk i dette landskapet? Nettopp difor skal vi gjere det. Det er måten vi skil oss ut på, ved å spele på det menneskelege og ved å bruke nynorsk. Nynorsk er kjernen i merkevara vår, og det funkar som ei kule, slo Gunn Aase Moldestad, som er marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, fast.

Ho fortalde vidare at banken nyttar nynorsk i all annonsering i alle kanalar. Tilbakemeldingane frå til dømes Schibsted er at dei får like god rekkevidde og klikkprosent som andre det er naturleg å samanlikne seg med.

– Nynorsken er kulturarven og daglegspråket vårt. Det handlar om sjølvbilde, kven vi ønskjer å vere. Om ikkje ein bank av vår størrelse skal gå føre, kven skal gjere det då, avslutta Moldestad.

Viktig for demokratiet

Språkpolitikk og nynorsk er også tema når Vestland fylkeskommune no lagar ein regional plan for kultur, idrett og friluftsliv. Avdelingsdirektør Per Morten Ekerhovd orienterte om arbeidet med planen, og om nynorsken si rolle.

– Planen skal ta særleg ansvar for nynorsken i kjerneområdet for nynorsk. Å sikre nynorsk som språk i offentlegheita krev eit bevisst forhold til språk og satsing på språk i ulike sektorar i samfunnet. Nynorsk språk er ein demokratisk rett, og viktig for at alle skal få delta i samfunnet. Vi skal stimulere nynorsken i fylket og styrke markante nynorskarenaer, sa Ekerhovd.

Nynorsk meir enn grammatikk

Ein annan av deltakarane på konferansen var Hedvig Kolbeinshavn frå Katten målungdom ved Bergen katedralskole. Ho trur ei haldningsendring må til, og meiner det er viktig å få fram at nynorsk er meir enn norskundervisning.

– Vi må vise at nynorsk er meir enn grammatikk, vise folk at nynorsk er meir enn obligatorisk norskundervisning. Elevar må få oppleve nynorsk kunst og kultur, til dømes sjå eit teaterstykke. For meg er nynorsk ein heil kultur, sa Kolbeinshavn.

Men kven har ansvaret for å sikre at lærarstudentane utviklar god kompetanse i begge skriftspråka? Førsteamanuensis Trude Bukve stilte spørsmålet og svarde sjølv.

– Eg prøver å ta mitt ansvar i undervisninga, men så møter dei andre førelesarar. Det er veldig individuelt. For dei studentane som vel lærarutdanning for 5. til 10. trinn er det ikkje obligatorisk med norskundervisning, kven tek ansvar for dei studentane? Når dei blir tilsette i ein nynorskkommune, så kan dei ikkje gje den opplæringa dei er plikta å gje, sa ho.

Håpar på årleg konferanse

Språkkonferansen var den første i sitt slag i regi av Nynorskfylket Vestland, men leiar Alexander Fosse Andersen håpar det ikkje blir den siste.

– Eg håpar vi kan få til ein årleg språkkonferanse, for å inspirere og motivere kvarandre til å bruke nynorsk meir på både jobb og i kvardagslivet, sa Fosse Andersen.