Desse får kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune

22 kunstnarar får kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune i 2022. Det er i kategoriane visuell kunst, scenekunst, litteratur og film, og musikk.

foto av maleri i blått, gull, kvitt og grått
STIPEND: Vestland fylkeskommune deler ut stipend i ulike kategoriar. 22 kunstnarar 40 000 kroner kvar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Kvart stipend er på 40 000 kroner og er meint å gje profesjonelle kunstnarar, både nyutdanna og etablerte høve til utvikling, fordjuping eller fagleg påfyll.

Fire fagkomitear har komme med innstilling til tildelingane.

Desse får kunstnarstipend i år

Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)

  • Grete Unstad
  • Sarah Jost
  • Kristina Aas
  • Emilie Wright
  • Beate Einen
  • Kaeto Sweeney
  • Unn Devik
  • Bjørn Venø
  • Åse Løvgren

Scenekunst (inkl. dans)

  • Roseanne Dos Reis
  • Berit Einemo Frøysland
  • Marit Loe Bjørnstad

Litteratur og film

  • Merethe Offerdal Tveit
  • Erlend O. Nødtvedt
  • Arnfinn Kolerud
  • Jade Hærem Aksnes

Musikk

  • Berit Opheim
  • Christian Meaas Svendsen
  • Erlend Tvinnereim
  • Vilde Tuv
  • Eline Rafteseth
  • Warith Salti

Kunstnarstipenda blir lyste ut att neste år, og søknadsfristen blir 1. juni 2023.