Kunstnarstipend

Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr. Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar høve til utvikling, fordjupning eller fagleg påfyll. Søk innan 1. juni.

Vestland fylkeskommune deler i 2022 ut 20 kunstnarstipend, kvart på 40 000 kr.

Stipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar – både nyutdanna og etablerte – høve til  utvikling, fordjupning og/eller fagleg påfyll. Det kan søkjast innan følgjande kategoriar:  

  • visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)  
  • musikk  
  • scenekunst (inkl. dans)  
  • litteratur og film  

Stipend skal også gje merksemd til dei utvalde kunstnarskapa. 

Det vert ikkje gitt støtte direkte til instrument, materiale, utstyr o.l. 

Søknadsfrist

1. juni 2022

Profesjonelle kunstnarar innan alle kunstuttrykk og sjangrar som bur og har sitt verke i Vestland fylke. Det er krav om kunstfagleg utdanning eller høg realkompetanse. 

Det vert ikkje gitt støtte til personar som er under formell kunstutdanning/i ein grunnutdanningsfase.  

Stipendet kan berre søkjast av enkeltpersonar. 

Om du tidlegare har fått stipend frå Sogn og Fjordane, Hordaland eller Vestland fylkeskommune, skal det gå minst tre år før du kan vurderast for eventuelt nytt stipend.

Søkjar må fylle ut det nettbaserte søknadsskjemaet for ordninga. Det er ikkje krav om budsjett i søknaden. Det kan visast til relevante nettlenker og leggast ved eitt PDF-vedlegg på inntil 9 MB. Det kan lastast opp lyd- og filmfiler i tillegg der dette er relevant. 

  • Det skal leggast vekt på den kunstnarlege aktiviteten, kvaliteten og utviklinga til kandidaten
  • Det blir lagt vekt på korleis søkjar gjennom søknaden presenterer seg sjølv,  og korleis ein vil nytte ein stipendperiode til kunstnarleg utvikling/fordjuping/fagleg påfyll.   
  • Det er eit mål at nokre av stipenda vert tildelt kunstnarar i etableringsfasen. 
  • Det er eit mål å stimulere til at det er høve til å leve og arbeide som  kunstnar i alle delar av fylket.  
  • Det skal vere kjønnsbalanse i tildelinga – ut frå søkjarmassen som ligg føre. 

Fylkeskommunen kan krevje betalt attende tilskot som vert nytta i strid med gjevne vilkår. 

Søknadane vert lagt fram for komitear for følgjande kunstformer:   

  • Visuell kunst (inkl. kunsthandverk og design)   
  • Musikk   
  • Scenekunst (inkl. dans)   
  • Litteratur og film   

Komiteane er sett saman av fagfolk frå utvalde kunstorganisasjonar og -institusjonar. Organisasjonane og institusjonane står fritt til å velje kven dei vil peike ut som sine representantar til komiteane. Komiteane skal ha ei blanding av fagfellevurdering og anna kunstfagleg kompetanse. Medlemmane skal oppnemnast for to år av gangen.  

Det skal nemnast opp nye komitear for perioden 2022-2023. Det blir lagt ut informasjon her om samansetjing av komitane når dette er klart. 

Stipendkomiteane er rådgjevande og skal vurdere og innstille søkjarar. Innstillingane skal vere grunngjevne. 

Basert på arbeidet i komiteane vil avdeling for kultur, idrett og inkludering – seksjon for kunst- og kulturutvikling ta den siste heilskaplege vurderinga før avdelingsdirektør i medhald av delegert mynde fattar endeleg vedtak om tildeling av stipend.  

Det skal tildelast minst eit stipend til kvar kunstform om søkjarmenga er tilstrekkeleg. Vidare vil fordelinga av stipend gjerast på grunnlag av søkjartal for dei ulike kunstartane, geografi og tidlegare tildelte stipend.   

Det vert ikkje lagt fram offentlege vurderingar av andre enn dei nominerte kandidatane. 

Dei som får tildeling må sende inn kort rapport på bruken av stipendet innan 3 månadar etter at stipendperioden er ferdig. Rapporten skal syne korleis stipendet er nytta, og kva resultat mottakaren har oppnådd i perioden. 

Vedtak om tildeling av stipend  er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b. Det er såleis klagefrist på vedtaket innan 3 veker etter at det er motteke skriftleg underretning.