Bruprosjekt fekk strandryddehjelp

Store mengder marint søppel i fleire viker var ei skikkeleg utfordring for vegprosjektet i Solund, men strandryddarane frå Fjordane friluftsråd kom til unnsetning.

Båt i stål med mange store plastsekkar ombord seglar mellom homar og øyar. Person som sit framme vinkar til fotograf som tek bilete frå båt ved sidan av.
BÅTTRANSPORT: Fjordane friluftsråd driv mellom anna med renovasjon, vedlikehald og skjøtsel av offentlege friluftsområde langs kysten.(Foto: Fjordane Friluftsråd)

I alt vart det samla opp over 4000 kilo med marint avfall frå strandsona i Ytre Steinsund.

Seks smilande menneske som står lang rekka på ein båt som ligg ved kai. Alle har flytesetar og hjelmar på hovudet.
RYDDELAGET: Strandryddarane frå Rydd Norge Vestland saman med representantar frå entreprenør Lesja Bulldozerlag. F.v.: Brynjar Eggen, Thomas N. Løfall, Ulrik D. Brøndbo ,Tore Hunskår, Estela Marquez og Klaus Ludwig.(Foto: Fjordane Friluftsråd)

Plastknipe og tidsklemme

Bygginga av tilkomstvegar til Ytre Steinsund bru starta tidlegare i haust, med Vestland fylkeskommune som byggherre og Lesja Bulldozerlag som entreprenør. Brua erstattar ferjesambandet Daløy–Haldorneset, og gir innbyggjarane på Ytre Sula fast og døgnope samband til kommunesenteret Hardbakke.

Dei vart rimeleg overvelda då dei såg mengdene plast og søppel som hadde drive i land i viker og bukter ytst i Solund. Verst var det ved Guridneset på Ytre Sula, der tilkomstvegen til den nye brua skal leggast på ei stor steinfylling.

– Det var Lesja Bulldozerlag som fyrst gjorde oss merksame på avfallet. Å grave det ned i fyllinga eller dekke det til var ikkje eit alternativ, men vi hadde litt tidspress på oss for å fjerne dei store mengdene med marint avfall før vi kunne starte på vegbygginga, seier prosjektleiar Helge Follevåg i Vestland fylkeskommune.

Strandlinje inne i ei vik, med havet rett utanfor. Store mengder plastsøppel, garn og andregjenstander ligg mellom steinane på stranda.
STORE MENGDER: Slik såg det ut i ei av vikene før oppryddinga starta. Årevis med søppel frå havet har samla seg i store haugar.(Foto: Fjordane Friluftsråd)

Strandrydding er ikkje berre bra for vegprosjektet, men også heilt i tråd med plaststrategien til Vestland fylkeskommune. Der er eitt av tiltaka å støtte blant andre friluftsråda i arbeid knytt til tiltak mot marin forsøpling og opprydding av marin forsøpling.

Stilte på ein dags varsel

Gjennom Solund kommune fekk vegprosjektet kontakt med Fjordane friluftsråd, ein interkommunal organisasjon som vart starta opp i 2017. Solund er saman med Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn medlemskommunar i friluftsrådet, som mellom anna arrangerer strandryddeaksjonar langs kyst og fjordstrøk i gamle Sogn og Fjordane. Fjordane friluftsråd har tidlegare fått 187 500 kr tilskot frå Vestland fylkeskommune både til plastrydding og til å førebygge spreiing av plast og unødig plastbruk.

Friluftsrådet har eit eige ryddelag, og dei kom til Solund med båt og fire mannskap.

– Fjordane friluftsråd stilte opp på ein dags varsel, og var veldig effektive i ryddinga av vikene – det var utruleg imponerande, seier Follevåg.

Rydda 41 storsekkar

Entreprenør Lesja Bulldozarlag stilte med gravemaskin for å samle avfallet og få det opp i storsekkar, som igjen vart heisa over på lekter og båt.

Gravemaskin som står ute i sjøen, som lesser store plastsekkar over på ein flåte. Ved flåten ligg det ein båt.
MASKINKRAFT: Entreprenørfirmaet Lesja Bulldozerlag har oppdraget med å bygge tilkomstvegar til Ytre Steinsund bru, men bidrog i strandryddinga ved å bruke maskinene sine til å få søppel frå land til båt. (Foto: Fjordane Friluftsråd)
(Foto: Vestland fylkeskommune)
(Foto: Vestland fylkeskommune)

På austsida av Ytre Steinsund vart det i alt samla saman 1294 kilo marint avfall. Det tilsvarar 13 storsekkar. På vestsida av Ytre Steinsundet; frå Langøy, Flatøyna, Brattholmen og langs kysten rundt Haldorsneset vart det rydda 2778 kilo. Det tilsvarar 28 kubikk, eller 28 storsekkar.

Ryddesamarbeidet var ei god oppleving for begge partar.

– Dette var eit veldig kjekt og konstruktivt samarbeid, seier Bjarte Engevik, dagleg leiar for Fjordane friluftsråd.

Dei er ein del av «Rydd Norge Vestland», ein av ti rydderegionar i det  nasjonale ryddeprogrammet Rydd Norge. Programmet har som mål at 40 prosent av den ytre kystlinja skal bli rydda for plast minst ein gong innan utgangen av 2023. Prosjektet er eigd og finansiert av Handelens Miljøfond.

– Solund er eit viktig satsingsområde for oss. Vi hadde ein plan om å rydde dette området uansett, men gjorde nokre omprioriteringar og heiv oss rundt slik at avfallet ikkje skulle bli blanda inn i vegmassane.

Førebiletleg samarbeid

Det er fleire grunnar til at strandrydding er viktig.

– Den eine sida er det visuelle, Ytre Steinsund er hovudleia med mykje båttrafikk, og snart skal den nye vegen gå forbi desse vikene. Endå viktigare er den negative miljøpåverknaden alt avfallet har på fuglar og dyr som beitar i tangbeltet.

– De får mykje skryt for innsatsen frå vegprosjektet. Kva tenker du om det?

– Vi har eit godt og samansveisa lag, som er drivne på slike oppdrag etter å ha halde på sidan april 2020. For oss var det veldig kjekt å få ei konkret bestilling, og jobbe tett med oppdragsgjevar og næringsaktør. Eit flott samarbeid som seier noko om korleis dette bør fungere i utbyggingsprosjekt, seier Engevik.

– Når må desse vikene ryddast på nytt, trur du?

– Ytre Steinsund er eit utsett område; det handlar om vêr og vind, om straumar som kjem frå sørvest og golfstraumen som sender mykje avfall i denne retninga. Ut i frå erfaring tek det ikkje så mange månader før nytt avfall har kome inn, men vi vil halde området under oppsikt, lovar Engevik.

Ei steinstrand i ei vik, med havet rett utanfor. Fire menneske med gule hjelmar og gule vestar plukkar søppek som ligg blant steinane på stranda.
EFFEKTIVE: Fjordane friluftsråd sitt ryddelag har reinska strender langs kystlinja dei siste to åra, som ein del av det nasjonale Rydd Norge-programmet.(Foto: Fjordane Friluftsråd)