Første fylkeskommune med eigen plaststrategi

Vestland skal ikkje bidra til meir plast i naturen, vi skal ha ein plastfri natur og eit plastfritt hav. Det er visjonen i plaststrategien fylkestinget vedtok i juni.

Golis og Oen i Balsvågen
PLASTFRITT HAV: – Vi skal ha eit plastfritt hav, og Vestland fylkeskommune skal jobbe for å hindre at plast hamnar i viker og på skjær, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. Her saman med Aud Karin Oen, som tok initiativ til plaststrategien i 2018, då ho sat i fylkestinget.

– No startar arbeidet. Vi har laga ein ambisiøs strategi, der vi både vil hindre at plastavfall som kjem på avvege og ikkje minst redusere plastbruken i eigen organisasjon. Vi håpar også planen kan inspirere andre og gi håp – saman skal vi klare å rydde naturen og havet for plast, seier fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Det er seks hovudmål og elleve delmål i plaststrategien for Vestland fylkeskommune. Det første hovudmålet er rett og slett å unngå plast på avvege. For det er ikkje plast i seg sjølv som er problemet, men plast på plassar der det ikkje skal vere plast. Vestland er den første fylkeskommunen i landet som vedtek ein slik plaststrategi.

Ein samarbeidsplan

Fylkesvaraordføraren legg stor vekt på samarbeid når ho snakkar om oppfølging og iverksetjing av plaststrategien.

– Dette er ikkje eit problem verken fylkeskommunen eller andre kan løyse aleine, og plaststrategien er ein samarbeidsplan. Det er avgjerande at vi spelar på lag med kommunar, forskingsmiljø, friluftsråd, næringsliv og andre i dette arbeidet, seier Golis.

Det krev lokal innsats for å løyse globale problem, og marin forsøpling er eit aukande internasjonalt problem. Plaststrategien til Vestland fylkeskommune er døme på eit lokalt – eller regionalt – tiltak, der fylkeskommunen vil ta leiing i dette viktige arbeidet.

Golis og Oen i Balsvågen med utsikt over bukta og havet
FORMIDABEL RYDDEINNSATS: - I Balsvågen, nær Turøy i Øygarden, har Øygarden Rotary gjort ein formidabel ryddeinnsats. Det er eit eksempel som syner at det nyttar, til inspirasjon for andre, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis, som hadde teke turen til Balsvågen saman med Aud Karin Oen.

Store forventingar

Det heile starta med ein interpellasjon frå Aud Karin Oen (SV) til Hordaland fylkesting i 2018, og no er strategien endeleg på plass. Til stor glede for initiativtakaren sjølv.

– Alle fylkeskommunar med respekt for seg sjølv bør ha ein plaststrategi, og eg har store forventingar til at alt som står i planen blir gjennomført. Eg ser at ein opererer på mange nivå, heilt opp til FN, noko som er viktig. Vestland fylkeskommune er ein stor aktør no og kan og bør ta ansvar for å samordne, seier Oen.

Ho bur sjølv i Øygarden, er oppvaksen ved sjøen og har sett utviklinga med stadig meir plast i strandsona.

– Eg har sett det og følt avmakt. Eg prøvde med ulike politiske framstøyt, men no var det ein gyllen anledning, og eg er veldig glad for at vi fekk dette til. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt, og vi må gjere vårt, seier ho.

Redusere plastbruk med 40 prosent

Hovudmål nummer fem i plaststrategien seier at fylkeskommunen skal redusere plastbruken i eiga verksemd med minst 40 prosent. I handlingsplanen er det lista opp ei rekke tiltak for heile organisasjonen, og det første av desse er å forby eingongsplast der det finst andre alternativ.
Fylkeskommunen skal også ha kampanjar som set søkjelys på marin forsøpling i eigne kommunikasjonskanalar, inkludert på dei 46 vidaregåande skulane.
Fylkeskommunen kan med sine innkjøp òg påverke.

– Vi har ein grøn innkjøpsmuskel ved at vi kan stille krav til underleverandørar. Det å ha eit bevisst forhold til plast bør bli ein del av anbodsprosessane. Vi har store investeringar i fylket, både når det gjeld bygg og veg, og då er det viktig å ha eit ekstra auge på plastbruken i prosjekta, seier Natalia Golis.

Skal mobilisere og inspirere andre

Samstundes som fylkeskommunen skal ta tak i eigen organisasjon, skal vi også mobilisere og inspirere andre til å til å redusere plastbruken i samfunnet innan 2023.

– Vi skal ikkje fase ut plast, for vi treng plast, det har vi sett særleg no under koronapandemien. Men vi skal ikkje ha plast på feil plass, og plasten må ikkje hamne i naturen, seier Golis.

Med plaststrategien ønskjer fylkeskommunen også å vere ein samarbeidspart i jakta på nye material. Då må vi samarbeide med forsking, akademia og næringsliv.

– Vi ønskjer også eit internasjonalt samarbeid, og målet vårt er å følgje plaststrategien til EU. No har også ein av samarbeidspartane våre, NORCE, fått betydeleg støtte til forsking på mikroplast i Bergen. Vi er spente på og vil bidra til utviklinga på dette området, slår fylkesvaraordføraren fast.

Les heile plaststrategien

Plaststrategi for Vestland fylkeskommune (pdf)