Athene er garantert læreplass og god løn

– Eg valde dette fordi det er spennande og fordi eg er sikra læreplass, seier Athene Myrli som 15. august byrja utdanning til kuldemontør ved Slåtthaug videregående skule.

Lærar og ungdom. Foto.
SKULESTART: Athene Myrli skal bli kuldemontør. Bjørn Frostad-Solberg er kontaktlærar. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Rundt 20 000 elevar starta utdanning på dei vidaregåande skulane i Vestland denne veka. 15 av desse går på kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk på Slåtthaug.

Det spesielle med denne utdanninga er at alle 15 er garantert læreplass og i tillegg god løn.

Utfordrande

Athene Myrli har gått vg1 elektrofag ved Slåtthaug. Og kva ho skulle gjere det andre året, var eit lett val.

– Eg ville ha noko meir utfordrande enn elenergi, og eg vil ut i arbeid fort og jobbe med noko fysisk. Å ta studiespesialisering hadde eg ikkje hatt tolmod til, seier Athene Myrli.

Ungdom. Foto.
15 elevar har starta på utdanning til kuldemontør ved Slåtthaug videregående skole. Om eitt år skal dei ut i lære. Læreplassane er garantert av bransjen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Gull verdt

Behovet for kuldemontørar er stort. Bransjen har i mange år etterspurt denne utdanninga og har pressa på for å få den i gang. Slåtthaug er første skule i fylket som tilbyr utdanninga.

– Dette er ein svært ettertrakta utdanning. Teknologien endrar seg fort, og det er stort behov for fagfolk. Utdanninga er gull verdt. Dei kan få jobb som kuldemontørar kvar som helst i verda, offshore og til med i Australia, sa kontaktlærar Bjørn Frostad-Solberg då vi snakka med han tidlegare i år. No er han i gang med undervisinga i ein fullsett klasse.

Tre smilande ungdommar. Foto.
Tre jenter som satsar på yrkesfag er: Anna Røe Utvik (f.v.), Tone Sofie Claussen og Tina Jungmann. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Satsar på yrkesfag

Totalt har Slåtthaug videregående skole 550 elevar dette skuleåret. Tre av elevane på teknologi og industrifag, vg1, er Tone Sofie Claussen, Anna Røe Utvik og Tina Jungmann. Dei satsar også på yrkesfagleg utdanning.

– Vi hadde ikkje lyst til å gå på studiespesialisering. Derimot satsar vi på yrkesfag for å kome oss fort ut i eit yrke. Vi likar å jobbe med hendene. Det er veldig kjekt. No skal vi gå her i to år og så skal vi ut i lære. Det blir kjempekjekt å få læreplass. Utdanninga vi får her, er ettertrakta, seier dei tre.

Ungdommar i kø for å få utdelt skulebøker. Foto.
I kø for å få skulebøker: Anna Røe Utvik har fått bøkene av Renate Vikingstad, mens Tina Jungmann (bak) får bøker av Jan Fredrik Oddekalv. Tone Sofie Claussen (t.h.) har fått bøkene sine. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Godt inntrykk av skulen

Framtidsplanene er alt klare. Tone Sofie Claussen vil bli brønnteknikar, Anna Røe Utvik vil bli bilmekanikar, mens Tina Jungmann satsar på flymekanikar.

– Eg har bil heime som eg skrur på, seier Anna Røe Utvik.

Dei tre jentene er godt nøgde med Slåtthaug videregående skole.

– Vi var på besøksdagar her og fekk godt inntrykk av skulen. Det er veldig greie lærarar her.

Den første skuledagen fekk elevane mykje informasjon, dei fekk bøker, vart vist rundt på skulen og vart fotograferte. Dagen etter startar undervisinga for fullt.