31 millionar til verdiskaping og grøn næringsutvikling

Hovudutval for næring har vedteke å lyse ut 31 millionar kroner i tilskotsmidlar til berekraftig verdiskaping og grøn næringsutvikling. Allereie no lyser fylkeskommunen ut dei 20 første millionane.

Oversiktsbilde av Sogndal.
LEIANDE PÅ VERDISKAPING: Midlane skal bidra til at Vestland blir det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Midlane skal bidra til at Vestland blir det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

– Denne tilskotsordninga gjer at fylkeskommunen kan få fram nye idear, skape synergi og nye løysingar for berekraftig verdiskaping, seier Tor André Ljosland, leiar av hovudutval for næring.

Prosjekta som får støtte skal bidra til å realisere satsingane i det fireårige handlingsprogrammet for Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

20 millionar til grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling

Fylkeskommunen lyser allereie no ut 20 millionar til tilretteleggande tiltak, med søknadsfrist 10. mai. I denne utlysinga blir utviklingsinitiativ som handlar om satsingsområda grøn næringsutvikling og kompetanseutvikling i arbeidslivet prioritert. Midlane skal gå til prosjekt som legg til rette for næringsutvikling og innovasjon, og ikkje direkte støtte til etablerarar eller bedrifter. Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar med definerte utviklingsprosjekt kan søkje. Det vil bli lagt vekt på at fleire aktørar samarbeider.

Innan grøn næringsutvikling ønskjer fylkeskommunen spesielt velkomen prosjekt som kan stimulere til sirkulærøkonomi, nye grøne verdikjeder, fornybar energi og industriell symbiose. Industriell symbiose er ein prosess kor verksemder innanfor eit geografisk område deler på ressursar, til dømes energi, vatn eller avfalls- og biprodukt for slik å betre utnytte avgrensa ressursar. Det er også satt av ein million kroner til sirkulære verdikjeder knytt til plast.

Vestland kan ikkje lukkast med den grøne omstillinga utan tilgang på rett kompetanse og tilstrekkeleg arbeidskraft.

– Nye verdikjeder og forretningsområde set krav til ny kompetanse. Det er derfor behov for å vri eller spisse kompetansen til dei som allereie er i arbeid. Dette kan skje gjennom etter- og vidareutdanningstilbod. Det kan og vere behov for å opprette nye utdanningstilbod eller endre innhaldet i dei eksisterande utdanningstilboda, seier Ljosland.

Grøn region Vestland held fram

Prosjektet Grøn region Vestland har gitt oss god oversikt over dei gode grøne næringsmoglegheitene vi har i fylket. I rapporten «Vestlandsporteføljen» er det kartlagt meir enn 250 innovasjonsprosjekt og peika ut 16 grøne hubar. Desse har stort potensial for å realisere nye grøne verdikjeder gjennom industriell symbiose. Det er sett av fire millionar kroner som skal stimulere til etablering og vidareutvikling av dei hubane. Desse midlane vil bli lyst ut i løpet av våren.

Vil utvide ladetilbodet

Det er og sett av 6,6 millionar kroner til tilskot for ladeinfrastruktur for elbil. Målet med desse midlane er å utvide ladetilbodet og gjere det meir praktisk for folk i heile fylket å bruke elbil. 4,5 millionar er øyremerkt hurtigladeinfrastruktur langs vegnettet, medan 1,2 millionar er sett av til tilskotsordningar for normalladarar ved reiselivsdestinasjonar. I tillegg er det sett av ein halv million til ladeinfrastruktur på fiskerihamner og 0,4 millionar til ei tilskotsordning til heimeladarar for taxi. Desse tilskotsordningane vil vere klare i løpet av april.

Årlege planar

Kvart år lagar fylkeskommunen saman med sentrale partnarar i fylket planar for kva arbeid som skal prioriterast for å oppfylle måla i handlingsplanen. At fylkeskommunen skal lyse ut midlar for 31 millionar i år går fram i årsplanen for 2022, vedtatt av hovudutval for næring.

For meir informasjon, følg denne lenka og sjå saksframlegget for sak PS16/2022.

Les også Handlingsprogram for 2022-2025 for Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling.