Vil du turnere i Den kulturelle skulesekken neste skuleår?
Den kulturelle skulesekken (DKS) skal fyllast med profesjonell kunst og kultur av ymse slag. Fristen for å melde inn forslag til neste års program er 1. oktober.
Skuleåret 2021–22 har nettopp starta, men dei som jobbar med DKS i Vestland fylkeskommune har alt starta planlegginga av skuleåret 2022–23.
– Vi skal lage eit godt og variert program for alle elevar på alle skular i heile fylket. Då må vi starte tidleg. Og første steg er at profesjonelle utøvarar produsentar og formidlarar av kunst og kultur melder inn forslag til programmet i den nasjonale DKS-portalen. Vi håpar så mange som mogleg vil vere med og bidra i verdas beste ordning for kunst- og kulturformidling til barn og unge, oppmodar Charlotte Espeland, som er DKS-koordinator i Vestland fylkeskommune.
Får møte profesjonell kunst og kultur
Gjennom DKS skal elevane møte utøvarar, produksjonar og eit apparat som speglar samfunnet, synleggjer førebilete og bidreg til eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Målet med ordninga er at alle skuleelevar i Noreg, uansett kvar dei bur og kva skule dei går på, skal møte profesjonell kunst og kultur.
I fjor kom det inn 2443 forslag til programmet for skuleåret 2021–22, og Espeland håpar på minst like mange i år.
– Mange forslag gir oss eit godt grunnlag for å setje saman eit godt program, med ulike sjangrar, tematikkar, format og for ulike aldersgrupper, seier ho.
Hugs fristen
Fristen for å melde seg til neste års DKS-program er altså 1. oktober. Forslag skal meldast inn i DKS-portalen, og på nettsida til Vestland fylkeskommune kan du lese meir om ordninga, om kriterium og mål.
På denkulturelleskolesekken.no er det også laga ei side med ofte stilte spørsmål for utøvarar og kulturinstitusjonar, som kan vere til god hjelp.