Den kulturelle skulesekken
Vil du formidle i DKS eller finne eit tilbod til elevane dine? Vestland fylkeskommune skal formidle kunst- og kulturuttrykk av ypparste kvalitet til alle elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.
DKS er ei nasjonal satsing, og fylkeskommunen administrerer ordninga i Vestland. På programmet til Den kulturelle skulesekken (DKS) i Vestland er det musikk, film, kulturarv, litteratur, scenekunst og visuell kunst.
Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Noreg har det nasjonale ansvaret for DKS. Ordninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet og vert finansiert av spelemidlar frå Norsk Tipping.
Den kulturelle skulesekken skal
- vere eit gratis tilbod for alle barn og unge i grunnskulen og vidaregåande skule og skal tilbydast jamleg.
- sikre at barn og unge får eit likeverdig og profesjonelt kunst- og kulturtilbod av høg kvalitet, uavhengig av kvar dei bur. Slik skal dei få gjere seg kjende med og utvikle forståing for eit variert spekter av kulturuttrykk.
- bidra til barn og unge si danning og utdanning, slik dette er formulert i overordna del og læreplanar i fag.
- formidle eit kulturtilbod som blir opplevd som relevant, og som representerer eit kulturelt mangfald av tilbod og utøvarar.
- vere eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på alle nivå og slik sikre god planlegging, forankring og tilrettelegging
- bidra til å styrke norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar
- bidra til å formidle kunst- og kulturtilbod til barnehagebarn
Vektlegg ulike uttrykk
Vestland fylkeskommune vektlegg følgjande uttrykk i programmeringa:
- 1.–4. trinn: scenekunst, musikk, litteratur
- 5.–7. trinn: scenekunst, musikk, visuell kunst, litteratur
- 8.–10. trinn: film, litteratur
- Vidaregåande skule: alle uttrykk
- Produksjonar innan kulturarv får plass i ulike delar av programmet.
Litteraturproduksjonar for 5. – 7. trinn vert vurdert i samband med Leselyststrategien 2024-2030.
Kriterium for utval av produksjonar i VLFK sitt DKS-program
Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka, kan sende inn forslag til programmet i DKS. Du sender inn forslag ved å følgje lenka til høgre på denne sida.
Føljande krav og kriterium ligg til grunn for utvalet av kunst- og kulturproduksjonar i DKS-programmet:
- Kvar produksjon i programmet skal ha kvalitet og profesjonalitet i innhald og formidling.
- Programmet skal som hovudregel gjennomførast i skuletida.
- Programmet skal ikkje erstatte delar av skulen si undervisning i estetiske fag.
- Programmet skal ha variasjon i uttrykk og sjangrar, spelestad og formidlingsmåte. I det samla programmet skal det også vere produksjonar på tvers av uttrykk. Nyskapande kunst skal prioriterast.
- Programmet skal ha særleg vekt på regionale og lokale utøvarar.
- Programmet skal ha god kjønnsfordeling blant utøvarane.
- Programmet skal ivareta minoritetar og leggje til rette for inkludering.
- Programmet skal innehalde ein høg del produksjonar på nynorsk og ulike målføre.
- I det samla programmet skal det vere god balanse mellom produksjonar av/med frilansutøvarar/frie grupper og større kunst- og kulturinstitusjonar.
- På scenekunstfeltet skal tilbodet fordelast slik at større kunst- og kulturinstitusjonar og frilansutøvarar/frie grupper kvar skal ha minimum 30 prosent av volumet i høvesvis grunnskulen og vidaregåande skule dersom det er grunnlag for det.
Slik jobbar vi fram DKS-programmet
Faggrupper med eksterne og interne fagpersonar med kunstfagleg og skulefagleg kompetanse er med på å vurdere og tilrå produksjonar som kan inngå i programmet.
Vestland ungdomsutval vel ut tre av produksjonane til programmet med bakgrunn i tilrådingane til faggruppene.
Avdeling for opplæring og kompetanse medverkar i arbeidet med programmet for vidaregåande skule.
Direktør for kultur og folkehelse vedtek programmet.
Val av DKS-program skjer ut frå ei vurdering der mellom anna kunstnarisk kvalitet, formidlingskvalitet, økonomi, relevans for målgruppa, skulen som arena, logistikk og kva elevane har fått av DKS-tilbod tidlegare er avgjerande kriterium.