Skal arbeide for grøn og innovativ forsking i Vestland

Det nyoppretta «FoU-forum Vestland» samlar viktige aktørar innan forsking og utviklingsarbeid i fylket. Saman skal dei få fram forsking som gir innovasjon for næringsliv og offentleg sektor i Vestland fylke.

FORSKING SOM GIR INNOVASJON: "FoU-forum Vestland" skal arbeide for å få fram forsking som gir innovasjon i både næringsliv og offentlig sektor i Vestland, mellom anna innanfor dei blå næringane (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)
FORSKING SOM GIR INNOVASJON: "FoU-forum Vestland" skal arbeide for å få fram forsking som gir innovasjon i både næringsliv og offentlig sektor i Vestland, mellom anna innanfor dei blå næringane (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)

Forumet er samansett av representantar frå næringsliv, kommunal sektor, andre offentlege aktørar og forskingsorganisasjonar.

Grøn plattform

I oppstartsfasen arbeider dei mellom anna med å få fram gode søknadar frå Vestland fylke til regjeringa si «Grøn plattform»- utlysing. Regjeringa stiller ein milliard til disposisjon for forsking og utviklingsprosjekt som kan gi «grøne jobbar og ei meir berekraftig framtid».

Vestland fylkeskommune har i denne samanheng delt ut 600 000 kr på bakgrunn av søknadar frå ulike bedrifter og forskingsmiljø. Midlane skal vere ei støtte til søkjarar i Vestland som alt er i gang med forprosjekt og søknadsskriving inn mot fristen 12. mai.

Verdsmeistrar i samarbeid

- FoU forum er ein viktig arena som skal koordinere støtte til forsking og utviklingsarbeid i fylket. Dette inneber mellom anna utveksling av erfaringar og informasjon, i tillegg til samarbeid om søknadsprosessar og gjennomføring av større prosjekt og satsingar, seier Bård Sandal, fylkesdirektør for innovasjon og næringsutvikling.

Han legg til at forumet skal bidra til at vi i Vestland vert “verdsmeistarar på samarbeid”, noko som må til for å klare dei tøffe innovasjonsutfordringane som skal til for å nå målet om å bli eit nullutsleppsfylke i 2030.

Utviklingsplanen for Vestland har som målsetting at klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklinga i fylket. Dette krev betydeleg samarbeid mellom forskingsmiljø, næringsliv og offentleg sektor.

Innspel til planarbeid

Ei anna viktig oppgåve FoU-forumet jobbar med i oppstartsfasen er å gje innspel til forskingstemaet i fylkeskommunen og deira arbeid med Regional plan for Innovasjon og Næringsutvikling. Planen skal vedtakast av fylkestinget i juni.

Fylkeskommunen leiar forumet

FoU-forumet blei til på initiativ frå Vestland fylkeskommune og blir også leia av fylkeskommunen. Forumet fungerer som ei fagleg arbeidsgruppe for Næringsforum Vestland. Andre medlem i forumet er Sogn- og fjordane næringsråd, Næringsalliansen i Hordaland, KS, Bergen kommune, Universitetet i Bergen, NORCE, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Noreg, Forskingsrådet, Regionalt forskingsfond Vestland og Statsforvaltaren i Vestland.

FoU- forum skal møtast 5-6 gonger i året. Det neste møtet er 29. april.