Sjølvtesting avdekka ein smitta elev førre veke

Ein elev utan symptom fekk avdekka covid-19-smitte takka vere sjølvtesting på skulen. Dette er fjerde tilfelle sidan pilotprosjektet starta i veke 11. Og no kjem meir behagelege testar.

koronatesting
ENDRING: Frå no av skal elevane teste seg kun 2 cm inn i nasen, i staden for heilt bak.

Totalt har elevar og tilsette ved dei vidaregåande skulane i Vestland testa seg sjølve 30 134 gongar sidan starten i veke 11. Testinga har totalt avdekka fire faktiske tilfelle av covid-19, éin prøve som kom ut positiv blei avkrefta av laboratorieanalysar (såkalla falsk positiv).

Denne veka var det éin elev som testa positiv gjennom sjølvtesting. Det er første positive prøve etter at alle dei offentlege vidaregåande skulane i fylket blei med i massetestingspiloten.

– Det er gode tal frå skulane, og det er nok tryggande for både elevar og lærarar at det ikkje er meir smitte, seier Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør for opplæring og kompetanse, som legg til at sjølv om det for tida er relativt lite smitte på skulane, så er det viktig å halde stor merksemd på smittevern.

Dei som testar positivt har ikkje symptom og kan derfor smitte medelevar og lærarar. 

Meir behagelege testar denne veka

Nytt denne veka er at elevane kan vente seg ein noko meir behageleg testmetode, då Vestland fylkeskommune har fått utdelt test-kit for fremre naseprøve. Det vil seie at dei som testar seg ikkje treng å dytte pinna heilt bak i nasen, men kan ta prøva to cm inn i begge nasebor.

Dette er same metode som brukast for å mellom anna teste barn under 12 år, og vert anbefalt av FHI for dei som testar seg hyppig.

Allereie er 90 prosent av elevane ved dei vidaregåande skulane i Vestland med på prosjektet, og testar seg frivillig to gonger i veka. Med ein meir behageleg testmetode i resten av perioden ser Lyngedal for seg at deltakinga kan nærme seg 100 prosent:

– Vi er svært nøgd med at så mange tilsette og elevar ønsker å teste seg. Sannsynlegheiten for at elevar og tilsette smittar kvarandre på skulen er sterkt redusert. Skulen har blitt ein tryggaren stad, seier han. 

Rogaland vil vere med

Prosjektet får merksemd utover fylkesgrensene, for Rogaland fylkeskommune ønsker no å bli ein del av pilotprosjektet.

Pilotprosjektet i Vestland held fram til siste veke i mai. Du kan følgje prosjektet og rapporteringane på denne sida.