– Pandemiar kjem og går, kulturpolitiske dilemma består
Det sa direktør for Kulturrådet, Kristin Danielsen, på kulturkonferansen i Førde 18. november. Der samla kulturlivet i fylket seg for å diskutere korleis vi skaper rom for kultur, fysiske rom, rom for alle, rom for ytringar?

– Vi veit det er nødvendig med eit digitalt løft i kultursektoren. I tillegg blir kravet om tilgjengelegheit for kunst og kultur viktigare. Kva verkemiddel treng vi som vi ikkje har i dag? Og så har vi den skumle delen av styrkingsoppdraget: Er det noko vi skal slutte å gjere, noko som kan skape handlingsrom for nye utviklingstakter? Det er store og vanskelege spørsmål, slo Danielsen fast då ho snakka om å skape nye rom for kunst og kultur.
Krav til kvalitet
Undersøkingar Kulturrådet har gjort syner at publikum er positive til å delta fysisk i kulturlivet. Tre av fire seier dei vil ta med seg digitale vanar vidare, men eit fåtal føretrekker å oppleve kultur digitalt.
Samstundes, og kanskje viktigast: Åtte av ti seier at kvaliteten på kulturtilbodet er eitt av dei tre viktigaste kriteria for å delta.
– Publikum veit kva dei vil ha. Det er ikkje nok å berre opne dørene, tilbodet må vere bra, sa Danielsen.
Det stiller krav til både utøvarar, men også til institusjonar, kommunar og fylkeskommunar som tilretteleggjarar. Og det var representantar frå desse som utgjorde hovuddelen av dei rundt 160 deltakarane på kulturkonferansen.
– Kommunane er grunnmuren
Kulturrådet har laga fire scenario for framtidas kulturliv:

– Det einaste vi veit, er at ingenting av dette kjem til å skje, sa Danielsen om forsøket på å sjå inn i krystallkula.
Men det set i gang tankeprosessar om kvar vi vil, og kva vi skal prioritere. Stian Davies er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune og opna konferansen med å snakke om fundament.
– Det er mange kommunar her. Takk! De utgjer grunnmuren for kulturlivet og skaper moglegheiter for kulturlivet til å vekse. No treng vi ambisjonar, nytenking og nyskaping, sa han.
Må tenkje nytt om anlegg
Ein av dei som inspirerte til nytenking på vegner av idretten var Ola Mattson frå danske Lokale og Anlægsfonden, som kan samanliknast med den norske spelemiddelordninga.
Han stilte spørsmål om vi på 2020-talet verkeleg skal byggje idrettshallar etter same mal som på 1950-talet. Og han fortalde at vi i dag i stor grad lagar friidrettsarenaer på same måte som grekarane gjorde lenge før vår tidsrekning.
– Den norske spelemiddelordninga er unik og må takast vare på. Men kanskje kan ein del av ordninga vere utviklingsfokusert? Det har enorm betydning kva dei som sit på pengesekken vil. Det kjem også an på korleis ein jobbar med faste kriterium. Kriteria er laga på gårsdagens viten og brukarmønster. Vi bør jobbe problembasert. Kva problem vil vi løyse? Kva vil vi oppnå? Kvifor skal vi byggje der? sa Mattson.
Vestland fylkeskommune samarbeider med Lokale og Anlægsfonden om prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg.
Dagens overrasking
Ein annan kategori fysiske møteplassar er kulturhusa, og ikkje minst ungdomshusa som det finst mange av rundt omkring i Vestland fylke. Her er behovet for både oppgradering og rehabilitering stort, og dagen før konferansen løyvde hovudutval for kultur, idrett og integrering 15 ekstra millionar til kulturbygg med regionale funksjonar.
På konferansedagen kom Christoffer Knagenhjelm med endå ei gledeleg nyheit i same sjanger: Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har auka støtta til prosjektet Huset i Bygda frå 800 000 kr til to millionar kroner i 2021.

– Bygga blir brukte feil
Marianne Ween i Kulturalliansen, som er paraplyorganisasjonen for det frivillige kulturlivet, stadfesta at det er eit stort behov for oppgradering av organisasjonseigde bygg. Ei undersøking Kulturalliansen har gjort syner at 76 prosent av laga deira øver i lokale som ikkje er eigna akustisk. I tillegg er berre 22 prosent av lokala dei øver i, tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
– Det finst bygg, men dei blir ikkje brukte rett, slo ho fast.
Nina Hodneland i Norske kulturhus meiner finansiering er nøkkelen.
– Dei aller fleste kulturhus har mellom 0 og 20 prosent støtte til drift. Om dei har null i støtte, må dei tene inn pengane kvar einaste kveld. Vi prøver å løfte dette til eit nasjonalt nivå, for å få forståing for at kulturhusa er del av ein nasjonal infrastruktur. Der treng vi hjelp frå alle i kommunesektoren, oppmoda ho.

– Mange er på vakt
Dei fysiske romma finst altså, men kva med rommet for ytringar? Anki Kristine Gerhardsen frå Nord universitet og Ytringsfridomskommisjonen stilte spørsmål om det norske kulturfeltet i dag dyrkar gråsona og ytringsfridomen og svarde sjølv:
– Nei, det er i alle fall ikkje etterlatt inntrykk. Mange er på vakt, ein er redd for å trakke feil, og setje grenser for kva som er greitt og ikkje, sa ho.
Ein som har måtte ta stilling til slike grenser er Knut Skansen, direktør ved Deichmanske bibliotek i Oslo. Han er oppteken av at det framover blir ei viktig oppgåve for biblioteka å fremje demokratikompetanse, lære folk å vere ueinige og å diskutere.
– Alle skal kunne heve stemma og kjenne at det er trygt. Ein skal ikkje bli hysja på i eit bibliotek, men mange vil det, fordi alle ytringar er ikkje velkomne for alle. Vi må tillate av vi av og til må tole å bli krenka, sa han og avslutta med at den aller viktigaste oppgåva til biblioteka er å vere eit sosialt rom og ein nabolagsmøteplass.