28,1 millionar til kultur, idrett og friluftsliv

Kulturarenaer, kunst- og kulturprosjekt, idrettsanlegg og tilrettelegging av friluftslivet er noko av det som fekk støtte av hovudutval for kultur, idrett og integrering i møtet 17. november.

foto av Moster amfi og kyrkjehistoriske senter
KULTURARENA: Moster amfi og kyrkjehistorisk senter er ein av fem kulturarenaer i Vestland som no får til saman 15 millionar kroner i tilskot. (Foto: Åge Avedal/Vestland fylkeskommune)

– Dette er eit døme på kor viktig fylkeskommunen er for utviklinga av eit sterkt kulturliv, mangfaldige idrettstilbod og tilgjengelege naturområde i Vestland, seier Stian Davies, leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering.

15 millionar til kulturarenaer

Tidlegare i år lyste hovudutvalet ut 15 millionar ekstra til kulturarenaer med regionale funksjonar, på grunn av stort behov for rehabilitering, ombygging og oppgradering.

No er det bestemt kva arenaer som deler på dei ekstra millionane. Stiftinga Hardanger og Voss museum får mest, med 9,3 millionar kroner til Kulturnaustet i Kvam. Andre som  får støtte er Lindehuset i Ullensvang, Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter på Bømlo og Tekstilindustrimuseet og Bryggens museum i Bergen.

– No tek fylkeskommunen eit krafttak for å få finansiert fleire av dei store kulturbyggprosjekta i fylket. Det viser at vi bygger den kulturelle infrastrukturen i heile Vestland, seier utvalsleiar Davies

Sjå kor mykje kvar av søkjarane fekk i saksframlegget til hovudutvalet. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

Kulturelt utviklingsprogram

Hovudutvalet fordelte 9,1 millionar til ulike kunst- og kulturprosjekt i både profesjonelt og frivillig kunst- og kulturliv i fylket. 7,2 av millionane kjem frå tilskotsordninga kulturelt utviklingsprogram (KUP).

– Dette er eit av dei viktigaste verkemidla vi har for større satsingar i kulturlivet i Vestland. Gjennom KUP støttar vi nyskapande og målretta utviklingsprosjekt, som kulturlivet sjølv har teke initiativ til, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Blant søkjarane som fekk støtte i denne tildelingsrunden var Aurland Kjøle- og Fruktlager, som får midlar til etablering av eit UNESCO verdsarvsenter for Nærøyfjordområdet. Andre  tilskotsmottakarar er Vestlandske Teatersenter, Fortidsminneforeningen og Katrine Meisfjord.

Fullstendig liste over kven som fekk støtte frå KUP ligg i saksframlegget til hovudutvalet. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

Prosjekt og tiltak til profesjonell kunst og kultur

Ei rekke prosjekt og tiltak i kunst- og kulturlivet fekk også støtte frå hovudutvalet i møtet 17. november. Hovudutvalet løyvde over 1,3 millionar til profesjonell kunst- og kultur. Blant anna fekk Bergen jazzforum midlar til to ulike prosjekt. Osafestivalen fekk 90 000 kr til prosjektet Systerspel – vandreutstilling, og Fosse-stiftinga fekk 50 000 kr til prosjektet Jon Fosse tilbake i Fosse bedehus.

Fullstendig liste over kven som frå denne ordninga ligg i saksframlegget til hovudutvalet. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

Prosjekt og tiltak til frivillig kulturliv

Når det gjeld frivillig kulturliv fordelte hovudutvalet til saman 580 000 kr. Blant andre fekk Sogn og Fjordane fylkeskunstlag 100 000 kr til etablering av eit fylkeskunstlag for Vestland fylke. Stiftelsen Nye Fyllingsdalen teater får 80 000 kr prosjektet Røst, og Gestapomuseets foreining får 35 000 kr til eit dokumentasjonsprosjekt.

Fullstendig liste over kven som frå denne ordninga ligg i saksframlegget til hovudutvalet. Hovudutvalet gjorde ei endring i forslaget til vedtak: Løyvinga til 4H Sogn og Fjordane vart redusert til 40 000 kr, og det kom inn ei løyving på 40 000 kr til studenthuset Meieriet og prosjektet Vekao.

Idrett og friluftsliv

To tilskotsordningar innan friluftslivet var på sakslista til hovudutvalet i dette møtet. Tre søkjarar fekk til saman 450 000 kr til prosjektering for å få med fleire kommunar i eit friluftsråd. Dei som får støtte er Sogndal kommune, Bergen og omland friluftsråd og Fjordane friluftsråd.

Sjå kor mykje kven av søkjarane fekk i saksframlegget. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

I tillegg fekk sju kommunar til saman 470 000 kr i samband med det nasjonale prosjektet friluftslivet ferdselsårer. Kommunane er Tysnes, Luster, Gloppen, Sogndal, Sunnfjord, Bjørnafjorden og Ullensvang.

Sjå kor mykje kvar av kommunane fekk i saksframlegget. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

Hovudutvalet fordelte også tre millionar i investeringstilskot til større idrettsanlegg. Søkjarane som får støtte er Åsane Cykle klubb, Bergen kommune og Voss kommune.

Sjå kor mykje kvar av kommunane fekk i saksframlegget. Forslaget til vedtak vart vedteke som det står.

Kompetanseheving i biblioteka

Bibliotek var også tema for møtet i hovudutvalet. Fem bibliotek/folkebibliotek fekk til saman 50 000 kr til prosjekt og kompetanseheving.

  • Austevoll folkebibliotek fekk 10 000 kr til prosjektet Ein møtestad for digitalt samspel i biblioteket.
  • Bremanger folkebibliotek fekk 10 000 kr til OnsdaGame.
  • Samnanger bibliotek fekk 5000 til prosjektet Læring og inspirasjon med bøker og konkretar.
  • Sogndal bibliotek fekk 10 000 kr til kompetanseheving.
  • Stryn bibliotek fekk 15 000 kr til eit pop-up bibliotek..