Nær ein million til folkebiblioteka

Folkebibliotek over heile fylket får midlar til utvikling av lokala sine, og til prosjekt som skal fremje biblioteka som møteplass – både digitalt og fysisk.

illustrasjonfoto av tre ungar ved pc på eit bibliotek
ROM FOR MØTE: Biblioteka skal vere gode møteplassar, og gjennom tilskotsordninga Rom for møte skal spel og teknologi bidra til inkludering og møte mellom menneske. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

650 000 kr går til utvikling av folkebiblioteklokale. Blant dei som får støtte er Gloppen, som får 150 000 kr i tillegg til bistand frå interiørarkitekt. Målet er eit meirope bibliotek, der publikum får tilgang til biblioteket utanom ordinær opningstid. Litteraturformidlinga skal vere i sentrum, samstundes som lokala opnar opp for mangfaldig bruk og gode møte mellom menneske.

Sunnfjord kommune får 100 000 til nye løysingar for betre besøksoppleving ved Førde bibliotek, medan Lærdal og Kinn får høvesvis 100 000 og 150 000 kr til prosjekta meirope bibliotek.

Gode møtestadar

– Vestland fylkeskommune skal vere med og utvikle bibliotektenestene til folk i fylket. Det gjer vi ved rådgjeving, støtte og ikkje minst ved slike tilskot. Vi ønskjer at folkebiblioteka skal fornye seg, drive aktiv formidling og vere gode og uavhengige møtestadar, seier Stian Davies.

Han er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, som i møtet 25. mai løyvde til saman nær ein million kroner til folkebibliotek i fylket.

I tillegg til utvikling av biblioteklokale, fordelte hovudutvalet også pengar gjennom integreringsprosjektet Rom for møte. Målet her er å bidra til mangfald og betre integrering mellom nordmenn og innvandrarar, ved å ta i bruk felles arenaer og aktivitetar knytt til folkebiblioteka.

Spel som integrering

Til saman 250 000 kr vart fordelte med tematikken teknologi og spel. Blant anna får Fitjar folkebibliotek 30 000 kr til prosjektet Fitjargames, og Tysnes folkebibliotek får 40 000 kr til gamingrom i biblioteket.

– Folkebiblioteka skal vere for alle, uavhengig av politisk ståstad, religion og sosial bakgrunn. Spel er ein viktig sosial aktivitet, og å kombinere spel og møte mellom menneske av ulik kulturell bakgrunn gir eit godt grunnlag for mangfald og inkludering, seier Stian Davies.

Arbeidet med gaming heng saman med Vestland fylkeskommune si satsing på e-sport. Det skal blant anna lagast ein eigen e-sportstrategi, og hovudutvalet har oppretta eit utviklingsstipend innan e-sport.

Fleire bibliotek fekk også støtte frå Rom for møte-ordninga som ikkje gjeld teknologi og spel. Lærdal folkebibliotek får 15 000 kr til prosjektet Møteplassen, og Stord folkebibliotek får same sum til prosjektet Digitalt folkeverkstad.

Oversikt over alle tildelingar

Du finn oversikter over alle tilskota i saksframlegga til hovudutvalet. Alle forslaga til vedtak vart vedtekne slik dei står.

Sak 80/21 Tildeling - Tilskot til utvikling av folkebiblioteklokale 2021
Sak 82/21 Tildeling Rom for møte 2021
Sak 83/21 Tildeling Rom for møter- teknologi, spel og integrering 2021