Opprettar utviklingsstipend for e-sportutøvarar

E-sportutøvarar i heile fylket kan søkje Vestland fylkeskommune om utviklingsstipend innan 1. oktober i år. Stipendet er på 40 000 kr.

illustrasjonsfoto av gaming-pc-ar
STIPEND: No kan også utøvarar innan e-sport søkje utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune, som andre idrettsutøvarar. Stipendet er for dei mellom 16 og 25 år. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

– Vi har e-sportutøvarar i fylket som jamleg markerer seg med gode både nasjonale og internasjonale prestasjonar. Med utviklingsstipendet vil vi gje dei høve til å vidareutvikle seg og stimulere til å satse vidare. Vi er nok det første fylket i Noreg som har oppretta eit slik stipend, så Vestland er i front i satsinga på e-sport. Her tener vi alle på å samarbeide for å nå måla, seier hovudutvalsleiar Stian Davies.

Samarbeidet kring e-sport og gaming i Vestland er allereie godt forankra, gjennom aktørar som Idrettsklynge Vest og Vestlandet e-sport. Hovudutval for kultur, idrett og integrering oppretta stipendordninga 25. mai.

Del av e-sportsatsing

Stipendet er for dei mellom 16 og 25 år. Utøvaren, trenaren eller klubben kan sende inn søknaden, og søkjaren må representere ein klubb eller eit organisert e-sportmiljø i Vestland.

Vestland fylkeskommune satsar aktivt på e-sport, og stipendet er ein del av satsinga. Ein annan del er e-sportstrategien som fylkestinget skal vedta i september.

– Utviklingstrendar syner ein stor vekst i e-sport og gaming. Vi vil vere med og leggje til rette for rekruttering og utvikling. I tillegg til stipendet er satsinga på eit organisert breiddetilbod for barn og unge eit viktig tiltak. Det er viktig at vi anerkjenner e-sport og gaming som ei legitim og god fritidsinteresse, seier Davies.

Populært webinar

Ein del av e-sportsatinga til fylkeskommune skjer gjennom deltakinga i Idrettsklynge Vest. Tidlegare i mai arrangerte idrettsklynga webinaret «Aktive gamere». Deltaking frå heile landet og mykje liv i chatten undervegs, tyder på at temaet engasjerer.

Du kan sjå opptak av webinaret «Aktive gamere» her.

– Dataspel er ei stor, kanskje den største, fritidsinteressa blant ungdom i dag. Det må vi halde oss til også som fylkeskommune. Vi skal leggje til rette for best mogleg vilkår for innbyggjarar, lag og organisasjonar i fylket, og då er dette vesentleg. Vi tek e-sport og gaming på alvor, slår Davies fast.

Du kan lese meir detaljert om det nye utviklingsstipendet i saksframlegget til hovudutvalet.