Millionar til kulturarenaer
Vestland fylkeskommune har fordelt over 6 millionar i spelemidlar til kulturbygg. Samtidig lyser vi ut 15 nye millionar til regionale kulturarenaer i heile fylket.
Det kom inn til saman 60 søknadar om tilskot til kulturbygg i Vestland i år, og 16 av desse har no fått tilskot. Dette er ei tilskotsordning der Kulturdepartementet fordeler spelemidlar til fylka, som igjen fordeler midlane ut til søkjarane. Det gjorde hovudutval for kultur, idrett og integrering 8. september.
– Stort behov for midlar
Summane varierer frå 140 000 kr til 750 000 kr og går til mellom anna rehabilitering, ombygging og oppgradering av små og større kulturbygg i heile fylket.
– Kulturbygga i heile Vestland utgjer den kulturelle infrastrukturen i fylket vårt. Spelemidlane til kulturbygg er viktige midlar for kunne ha arenaer for lokal kulturaktivitet som dans, teater og musikk. Behova for meir midlar til kulturbygg er stort. Det at vi berre hadde midlar til 16 av dei 60 som søkte i ordninga viser at det trengst meir spelemidlar til kulturbygg. Dette håpar eg staten finn ei løysing på i åra framover, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering
Du finn oversikt over tildelinga til kulturbygg i saksframstillinga. Hovudutvalet vedtok tilrådinga slik ho står.
Styrker den kulturelle infrastrukturen
Vestland fylkeskommune har også ei eiga tilskotsordning for kulturarenaer med regionale funksjonar, og denne lyste hovudutvalet ut ekstramidlar til i same møte. Midlane er lyste ut med søknadsfrist 10. oktober.
– Med dei ekstra millionane vil vi spesielt løfte kulturarenaer som har ein regional funksjon. Det er mange fantastiske prosjekt som er gryteklare. Fylkeskommunen ønskjer å styrke dei regionale kulturarenaene, som museumsbygg og kulturhus. På denne måten er vi med og byggjer opp den fysiske, kulturelle infrastrukturen i heile fylket, seier Davies
Behov for strakstiltak
13 av dei 15 millionane går til ordinære tiltak. Dei to siste 2 millionane skal gå til umiddelbare moderniseringsbehov.
– Vi ser at nokre anlegg ikkje kan søkje på den etablerte tilskotsordninga, men at det er behov for strakstiltak. Vi skal ikkje berre byggje nye bygg, men vi må også ta vare på dei vi allereie har i fylket vårt, seier Davies.
Med regionale funksjonar er det meint at kulturarenaen skal ha verdi, størrelse og nedslagsfelt som går utover dei enkelte kommunegrensene.
Meir informasjon om tilskotsordninga og lenke til søknadsskjema finn du på denne sida.