Mange vil løfte kulturlivet

Om lag 200 personar deltok på tre høyringsmøte og gav viktige og gode innspel til planprogrammet for den nye regionale planen for kultur, idrett og friluftsliv. Mange ønskjer å ha ei rolle og å jobbe for ein sterk og framtidsretta kultursektor i fylket.

foto som syner folk på tur i skogen
FRILUFTSLIV: Den nye regionale planen skal setje kurs og leggje føringar for kultur, idrett og frilufstliv i Vestland i perioden 2023–2035. Bildet er frå Trivselsskogen på Sandane i Gloppen kommune, eit turområde for både kultur og friluftsliv.

Planprogrammet, som er «planen for planen», er ute til høyring, og fristen for å sende inn høyringsinnspel er 20. april. I mellomtida har fylkeskommunen arrangert tre innspelssmøte med kommunar, organisasjonar og andre samarbeidspartar.

– Innspelsmøta gav oss viktige peikepinnar og gode innspel til vegen vidare i arbeidet med planprogrammet. Det er svært gledeleg at så mange signaliserer at dei ønskjer å ha ei rolle og å delta i planarbeidet. Det lovar godt for å få på plass ein regional plan som vil løfte det utvida kulturfeltet i heile det nye fylket. Feltet har ei samfunnsbyggande kraft med stor betydning for ytringsfridom, toleranse og identitetsbygging, seier, Geir Kjell Andersland, som er nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering.

Andersland er også saksordførar for planen og har dermed eit særskilt ansvar for arbeidet. Planprogrammet legg grunnlaget for den regionale planen.

Samarbeid og nettverk sentralt

Deltakarane på innspelsmøta fekk innblikk i både det politiske og administrative arbeidet med planprogrammet, og deltok aktivt med innspel til både prosess og tema. Fylkeskommunen tek med alt vidare i planarbeidet.

Blant deltakarane var Bergen, Alver og Stad kommune, Vestland innvandrarråd, Jakob Sande-selskapet, Gloppen musikkfest, Det Vestnorske teateret, Vestland idrettskrins, Vestland musikkråd og Bergen Amatørkulturråd. Alle var inviterte til å dele tankar om behov og moglegheiter sett frå deira ståstad. Andersland trekker særleg fram at innspela er samstemte om viktigheita av inkludering, samarbeid og nettverksarbeid. I tillegg  understrekar han at det må gjevast gode livsvilkår for både profesjonelle aktørar og for heile mangfaldet av frivilligheit.

– Møteplassar og arenaer for aktivitet vert trekte fram som eit behov og ei moglegheit. Det er veldig gledeleg at heile det breie kulturlivet ønskjer å bruke kompetansen og kunnskapen sin inn i planarbeidet og slik skapa høge ambisjonar og eit omfattande eigarskap til planen, seier Andersland.  

Plan for heile fylket

Vegen vidare for planarbeidet no er å etablere både ei styringsgruppe og arbeidsgrupper. Alle desse skal representere det breie kulturfeltet i Vestland, då regional plan for kultur, idrett og friluftsliv skal vere ein plan for heile fylket – ikkje berre for fylkeskommunen.

Fylkeskommunen føreslår i høyringsutkastet til planprogram fire sentrale område å jobbe vidare med:

  • Vestland som ein leiande kulturregion
  • Eit berekraftig kulturliv
  • Deltaking, medborgarskap og mangfald
  • Kulturell verdiskaping