Kven bør få klima- og miljøprisen i Vestland 2021?

Veit du om nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats anten det siste året eller over tid? Nominer vedkomande til klima- og miljøprisen i Vestland. Prisen er på 70 000 kr.

foto frå utdeling av klimaprisen 2020
FØRSTE I VESTLAND: Bergen Havn fekk den første klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune i 2020. No kan du nominere kandidatar til 2021-prisen innan 28. februar. F.v. fylkesordførar Jon Askeland, styreleiar i Bergen Havn Anne-Grete Strøm-Erichsen, miljøleiar i Bergen Havn Even Husby og hamnedirektør Johnny Breivik.

Prisen skal vise fram og honorere det gode klima- og miljøarbeidet som går føre seg i Vestland. Han kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar. Prisvinnaren må kome frå Vestland og må ha vist evne og vilje til å yte ein klima- og miljøinnsats ut over det vanlege.

Ros, motivasjon og inspirasjon

– Vi skal bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Då treng vi at alle jobbar saman for å få det til. Med klima- og miljøprisen vil vi gje ei påskjønning til godt arbeid, samstundes som vi vil motivere og inspirere både prisvinnar og andre til vidare arbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok gjennom Utviklingsplanen for Vestland 2020–2024 at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030.

Nominer innan 28. februar

Alle som ønskjer kan nominere kandidatar, og nominasjonsfristen er 28. februar.

Gode kandidatar til prisen er dei som har talent og viser kreativitet og evne til nyskaping. Vestland fylkeskommune er særleg oppteken av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland. Prisen skal også motivere til vidare innsats.

Første pris til Bergen Havn

Den første klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune gjekk til Bergen Havn i fjor. Særleg to store prosjekt var avgjerande for tildelinga: tilrettelegging av landstraum for skip og initiativet til miljødifferensierte hamneavgifter.

Selskapet fekk ros for innovativt og nyskapande arbeid, og for at dei tek leiing og set retning i klimaarbeidet både nasjonalt og internasjonalt.

Regional klimaplan

Vestland fylkeskommune har starta arbeidet med regional klimaplan for fylket. Medverknad er eit stikkord, og vi vil gjerne høyre kva du meiner.

På denne sida finn du meir informasjon om planen, og lenke til ei uformell spørjeundersøking. Der kan du seie kva tema du er viktige å ha med i ein slik plan.