Internasjonalt samarbeid skal halde fram

– Internasjonalt samarbeid har ein naturleg plass i vidaregåande opplæring, seier utvalsleiar Karianne Torvanger etter at hovudutval for opplæring og kompetanse samrøystes har vedteke planen for internasjonalt samarbeid for perioden 2021 til 2025.

PÅ SKULE I UTLANDET: I mange år har elevar frå Hordaland gått vg2 i utlandet. No blir tilbodet utvida til heile Vestland. (På biletet tidlegare elevar i Cardiff).
PÅ SKULE I UTLANDET: I mange år har elevar frå Hordaland gått vg2 i utlandet. No blir tilbodet utvida til heile Vestland. (På biletet tidlegare elevar i Cardiff).

Prioriterte internasjonale aktivitetar skal vere tilboda om vg2 i utlandet i regi av Vestland fylkeskommune, vidareføring av Erasmus+programmet, vidareføring av det nordiske samarbeidet, utgreie høve for internasjonalt samarbeid gjennom Norec og vidareføring av internasjonalt samarbeid internt i fylkeskommunen knytt til regional kompetanseutvikling.

Gå vg2 på skule i utlandet

Ein viktig del av det internasjonale tilbodet er at alle elevar ved vidaregåande skular i Vestland kan søkje om å få gå vg2 på ein utanlandsk skule. I dag kan elevane velje mellom skular i samarbeidsregionane Wales/Cardiff, Skottland, Normandie i Frankrike og Erfurt i Tyskland, i tillegg til ein samarbeidsskule i Missouri i USA.

Skulane som koordinerer tilboda i Vestland, er Knarvik vgs (Cardiff), Kvam vgs (USA), Askøy vgs (Tyskland), Voss gymnas (Frankrike) og Amalie Skram vgs (Skottland). Fylkeskommunen vurderer òg å opprette tilbod på vg2 ved ein skule i Spania i løpet av denne perioden.

Auke kvaliteten

– Dette skuletilbodet er eit verktøy for å auke kvaliteten og relevansen i opplæringa og skal bidra til at ungdom får internasjonal kompetanse, kulturforståing, erfaring og medansvar. Det internasjonale samarbeidet og den interkulturelle kompetansen skal vere ein integrert del av skulekvardagen og eit reelt tilbod til lærlingar i bedrift. Fylkeskommunen har gode samarbeidspartnarar og eit omfattande nettverk i fleire regionar og byar i Europa, seier utvalsleiar Karianne Torvanger.

Danningsreise

Av saksutgreiinga går det fram at året i utlandet er ei danningsreise. Elevane møter eit nytt skulesystem, får nye vener, lærer nye skikkar og får eit svært godt innblikk i ein annan kultur. Sosiale ferdigheiter og personleg utvikling, språkkunnskapar og kulturforståing er viktige læringsutbyte. Erfaringane elevane får, bidreg til å forme deira identitet. Elevane blir meir sjølvstendige og lærer ofte å ta opp og løyse problem på eiga hand. Opplæringa i utlandet bidreg også til å gi kompetanse som arbeidslivet etterspør og gir unike erfaringar om skule og arbeidsliv.

Erasmus+

På dei fleste av dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune pågår det internasjonalt samarbeid både gjennom elevturar, elev- og tilsettutveksling gjennom Erasmus+, OD-dag, språkdagar og deltaking i ulike prosjekt. Nokre skular har språkassistentar frå ulike land. Fleire skular har aktivitetar innan bistands- og solidaritetsprosjekt. Det internasjonale arbeidet på skulane er godt forankra i leiinga og brukast strategisk i opplæringa. 

Deltaking i Erasmus+prosjekt blir framleis ein viktig del av det internasjonale arbeidet for skulane i Vestland. Dette er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, og er det største utdanningsprogrammet i verda. Mange vidaregåande skular i Vestland har gjennomført svært vellukka samarbeid og utveksling med skular i Europa, finansiert av EU gjennom EØS-avtalen.

Nordisk samarbeid

Det nordiske samarbeidet skal òg halde fram. Dette er eit samarbeid med Bergen og dei nordiske vennskapsbyane til Bergen, Åbo, Gøteborg og Århus, i tillegg til Flensburg i Tyskland. Kvart år blir det arrangert ein ungdomskonferanse (VUK) med elevutveksling, ei lærarutveksling og eit skulesjefsmøte. Arrangementa går på omgang blant vennskapsbyane. Fyllingsdalen vgs har i fleire omgangar vore vertsskule for ungdomskonferansen, sist i 2019.

I tillegg kan vidaregåande skular, fagskular og vaksenopplæring søke støtte gjennom programmet Nordplus til ulike formar for utdanningssamarbeid innan Norden og Baltikum. Fleire vidaregåande skular i Vestland har alt deltatt i ulike Nordplus-prosjekt.

Nytt tilbod

Eit nytt internasjonalt tilbod kan skje gjennom Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec). Det er eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av ungt leiarskap. Norec har hovudkontor i Førde, og har rundt 40 tilsette. Kjerneverksemda er å legge til rette for gjensidige utvekslingar og gi økonomisk støtte til tilsette og frivillige, mellom bedrifter og organisasjonar i Norge og land i Afrika, Asia og Latin-Amerika.