Cardiff og Vestland vil lære av kvarandre

– Vi vil lære av dykk. Vi vil lære om kulturen og måten de arbeider i team på, seier rektor Kay Martin ved Cardiff and Vale College til fylkesdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune.

Ei kvinne og to menn i ein samtale. Foto.
SAMARBEID: Rektor Kay Martin (f.v.) og assisterande rektor Emil Evans, ved Cardiff and Vale College, og fylkesdirektør i Vestland, Bjørn Lyngedal, diskuterer samarbeid. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

I 23 år har elevar frå regionen gått på vidaregåande skule i Cardiff. Cardiff and Vale College er ein populær skule for dei norske elevane. Dette skuleåret går fem av dei 19 norske elevane der.

– Norske elevar er tillitsfulle og trygge. Dei er svært flinke og sjølvstendige. Vi ønskjer å lære meir om det norske skulesystemet, seier rektoren som har svært gode røynsler med elevar frå regionen. Mellom anna studerer ein tidlegare norsk elev ved skulen ved det prestisjetunge Universitetet i Oxford.

Tre menn ser på ein skjerm. Foto.

Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal (t.h.) vart svært interessert i undervisingsopplegget innan IT ved Cardiff and Vale College. Lærar Peter Parker (t.v.) underviser i IT-tryggleik, mens Yusuf Ibrahim er pedagogisk ansvarleg ved skulen.

Kjem heim med nye idear

Dei norske elevane i Cardiff bur og blir integrert i ein vertsfamilie. Det meiner rektor Kay Martin fungerer svært godt.

– Elevane lærer kultur når dei bur hos ein familie her og kjem heim med nye idear.

Imponert

Fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, har vitja skulen i Cardiff og er svært imponert over det skulen får til.

– Dette er absolutt ein skule vi vil samarbeide med. Dette er ein kombinasjonsskule med studiespesialisering, yrkesfag, praksis og fagskule heilt opp til høgskulenivå. Våre vidaregåande skular er noko heilt anna enn dette. Vi skulle gjerne hatt ein slik skule som er kopla praktisk, akademisk opp mot akademia, seier Bjørn Lyngedal.

Ung kvinne sit ved pc og viser mobilen sin. Foto.

– Eg er imponert over det gode utstyrsnivået, seier fylkesdirektør Bjørn Lyngedal. Elevane brukar mellom anna datamaskin og mobiltelefon i undervisinga. Yusuf Ibrahim er pedagogisk ansvarleg ved skulen.

Open skule

– Dette er ein svært godt utrusta skule. Eg er imponert over det gode utstyrsnivået. Dette er og den kulaste skulebygningen eg har vore i. Den bygger på ideen om å vere open. Her kan vi vandre rundt og sjå korleis elevar og lærarar jobbar. All undervising skjer i mindre grupper. Her får elevane både teori og praksis, seier Bjørn Lyngedal.

IT-samarbeid

Fylkesdirektøren ser for seg eit nærmare samarbeid, spesielt innan IT.

– Her brukar dei mellom anna spel i undervisinga. Det er noko vi kan ha samarbeid om. Eg ser og behov for at vi skal starte med IT-utdanning på fagskulenivå. Det har ikkje Vestland i dag, men det er behov for fagarbeidarar med slik utdanning. Dette kan bli eit spennande område å samarbeide på, meiner Bjørn Lyngedal.

Illustrasjonsbilete bygningar.

Cardiff and Vale College er ein godt utstyrt open skule med 3000 elevar på studiespesialisering, yrkesfag, praksis og fagskule heilt opp til høgskulenivå.

Flinke elevar – godt rykte

Yusuf Ibrahim er pedagogisk ansvarleg ved skulen og følgjer opp undervisinga.

– Vi har flinke elevar. Skulen har godt rykte. Den er bygt i eit område i sentrum av Cardiff som er under utbygging. Her er det nybygging og nye aktivitetar. Vi blir dermed ein del av byplanlegginga i Cardiff. Dette er ein av dei hurtigst veksande byane i Europa, seier Ibrahim.

Cardiff and Vale College tilbyr utdanning og praksis på mange område innan studiespesialisering og yrkesfag, IT, lærar, ingeniør, journalist, kokk, restaurant, hotell, bakar, røyrleggar og teknisk utdanning, idrettsfag, fotball, rugby, kunst og språk. For at elevane skal få praksis, driv skulen mellom anna bakeri, restaurant og hotell. Skulen har samarbeid med BBC om journalistikk. Lærarar frå BBC underviser, og elevane lagar innhald for BBC.

Elevar ved skrivebord. Foto.

Elevar ved Cardiff og Vale College får undervising i journalistikk i små grupper og praksis i BBC.

Samarbeid på høgskule- og universitetsnivå

Universitetet i Bergen har samarbeid med akademia i Cardiff. No ønskjer og Høgskulen på Vestlandet å få til samarbeid over Nordsjøen. Tom Sverre Tomren, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, har teke initiativ til dette. Han ønskjer å få til samarbeid, spesielt innan berekraft. Den første kontakt er etablert.

30 000 elevar

Cardiff and Vale College er ein ny skule, bygt i 2015 ved samanslåing av to skular. Totalt har skulen 30 000 elevar ved ulike underavdelingar rundt omkring i verda, mellom anna to skular i Kina. I Cardiff har skulen 3000 elevar og 1100 tilsette, derav 800 lærarar. Årleg driftsbudsjett er på ca 1,2 milliardar kroner. Det er ein offentleg, gratis skule, som i Noreg, med svært allsidig tilbod.