Fylkesutvalet er positivt til verdsarvsenter for Nærøyfjorden

Fylkesutvalet ser positivt på planane om å etablere eit autorisert verdsarvsenter for Vestnorsk fjordlandskap, delområde Nærøyfjorden i Aurland.

foto frå Nærøyfjorden
TURISME: Den smale Nærøyfjorden er ein arm av Aurlandsfjorden, som igjen er ein arm av Sognefjorden. Fjordlandskapet her her er eitt av dei to delområda i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Det andre er Geirangerfjorden. (Foto: Rolf M. Sørensen)

Det er Nærøyfjorden verdsarvpark og Aurland Kjøle- og Fruktlager SA som har laga eit forprosjekt for å etablere eit autorisert verdsarvsenter på Aurlandsvangen. Dei sende forprosjektet til Vestland fylkeskommune for å få politisk forankring for det vidare arbeidet, og det fekk dei. 

Fylket med flest verdsarvstadar  

– Vi er det fylket i landet med flest verdsarvstadar, og dei skal vi ta godt vare på. Det er viktig at vi utviklar potensialet i verdsarvstadane våre på ein god og berekraftig måte. Det trur eg eit verdsarvsenter i Nærøyfjorden vil bidra til, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Unesco er FN sin konvensjon for verdsarven. Unesco-lista inneheld over 1000 kulturstadar og naturområde i heile verda. 

Regjeringa bestemde i 2017 at alle verdsarvstadane her i landet skulle ha eit autorisert verdsarvsenter. Verdsarvstaden Vestnorsk fjordlandskap er delt mellom delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, og i Geirangerfjorden er det alt på plass eit autorisert verdsarvsenter.  

Panoramautsikt til verdsarven  

Planen for delområde Nærøyfjorden er å bruke det eksisterande bygget til Aurland Kjøle- og Fruktlager på kaien på Aurlandsvangen til eit verdsarvsenter. Det er tenkt at bygget også skal huse verksemda til kjøle- og fruktlageret, andre lokale verksemder knytte til verdsarven, kontorlokale og sal av lokalproduserte varer og tenester. 

Senteret vil ligge like ved grensa til verdsarvområdet og ha panoramautsikt inn i verdsarven, som startar ved fjorden. Plasseringa er lett tilgjengeleg for dei mange besøkande i området. 

I tråd med regionale planar  

Verdsarvsenteret i Nærøyfjorden slik det framstår i forprosjektet, er i tråd med både berekraftmåla til FN og utviklingsplanen til Vestland fylkeskommune. Etableringa av senteret er også i tråd med måla i dei regionale planane for kultur i dei tidlegare fylka. Desse gjeld inntil Vestland fylkeskommune har vedteke ein eigen regional plan for kultur.

– Å bruke eksisterande bygningsmasse er bra for både klima og kulturhistoria på staden. Vi har sett at dette blir gjort med hell mange stadar. Det var noko av det direktøren i Kulturminnefondet snakka om, og viste døme på, under nyttårsmøtet tidlegare i januar, seier fylkesordføraren.
 
Meir om saka og forprosjektet i den politiske saka om verdsarvsenteret.