Skuleinntaket 2021: Dei fleste får førstevalet sitt. Saka er oppdatert med karaktergrenser

Førsteinntaket til vidaregåande skule 2021/2022 i Vestland er klart. Tal frå fylkeskommunen viser at dei fleste elevane får førstevalet sitt. I dag får 22 273 skuleelevar i fylket svar på søknaden sin om skuleplass til hausten.

FÅR SVAR OM SKULEPLASS: I dag får 22 273 elevar i fylket svar på søknaden sin om plass på vidaregåande skule til hausten. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.
FÅR SVAR OM SKULEPLASS: I dag får 22 273 elevar i fylket svar på søknaden sin om plass på vidaregåande skule til hausten. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik, Vestland fylkeskommune.

19 824 søkjarar med ungdomsrett (ungdom mellom 15 - 24 år) er no tatt inn til vidaregåande opplæring i Vestland fylke. Av desse får 16 737 tilbod om skuleplass etter førsteønsket sitt for både programområde og skule. Dette inneber at majoriteten av dei unge, også i år, får det opplæringstilbodet dei ønskjer seg allereie ved førsteinntaket. 

Auke i søkjarar til yrkesfag 

For eit år sidan hadde Vestland fylkeskommune totalt 9044 søkjarar med ungdomsrett til yrkesfag. I år er det totalt 9253 søkjarar, altså ein auke.  8744 med ungdomsrett som har søkt yrkesfag har no fått plass ved førsteinntaket. 

Tilsvarande var det i fjor  11 726 med ungdomsrett som søkte studieførebuande. I år er dette talet 11 546, altså ein liten nedgang for studieførebuande utdanningsprogram. 11 080 av søkjarane til studieførebuande har fått plass ved førsteinntaket.

Til saman 22 273 har søkt om skuleplass i Vestland til dette skuleåret. 20 799 av søkjarane desse søkjarane har ungdomsrett. 

1253 ledige skuleplassar 

Etter førsteinntaket er det 975 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Årsaka til dette er at søkjarane ikkje har søkt på tilboda som er ledige. Det er i dag 1253 ledige skuleplassar i fylket. Søkjarar som har ungdomsrett og som ikkje har fått tilbod om skuleplass, vil få tilbod i dei seinare inntaka, eller etter at skulane tek over inntaket. Søkjarar som ikkje har ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter at skulane har teke over inntaket i august. 

Sjekk og svar på vigo.no 

Frå 8. juli kan elevane gå på nettsida vigo.no og sjå om dei har fått skuleplass. Dei må no svare på om dei tek imot plassen innan svarfristen fredag 16. juli. Det er viktig å svare på vigo.no innan fristen, ettersom manglande svar fører til at eleven mister plassen sin, og risikerer å bli tatt ut frå ventelista. 

Tidsplan for inntaket til vidaregåande skule i Vestland: 

  • 8. juli: tilbod blir gitt på vigo.no om første inntak 
  • 16. juli: svarfrist for første inntak 
  • 22. juli: melding om andre inntak 
  • 30. juli: svarfrist for andre inntak 
  • 5. august: tredje inntak. Du svarar ja til tilbodet ved å møte på skulen første skuledag.  

Nærskuleprinsippet 

Nytt i år er at inntaket skjer etter nærskuleprinsippet. Dette skal gjere det det lettare for elevar å komme inn på skular i området der dei bur.  

Karaktergrenser på skulane 

Sjå karaktergrenser for inntak på alle skulane i Vestland fylkeskommune.