1224 forslag til Den kulturelle skulesekken neste skuleår

Vestland fylkeskommune fekk inn 1224 forslag til programmet for Den kulturelle skulesekken (DKS) for skuleåret 2021/22. No har vi valt ut 83 produksjonar og er i gang med å pakke skulesekken.

foto frå førestillinga Ønskedrøm i Den kulturelle skulesekken
ØNSKEDRØM: Framsyninga «Ønskedrøm» i regi av Det Andre Teateret er ein av produksjonane som er plukka ut til å vere med i DKS-programmet i Vestland skuleåret 2021/22. Det er ei improvisertbasert framsyning, der ungane deltek med sine eigne draumar, som så blir utgangspunkt for manus. (Foto: Det Andre Teateret)

Programmet omfattar både konsertar, forfattarbesøk, kunstverkstader, film, teaterframsyningar og mykje meir.

Mange lokale utøvarar og institusjonar

– Det var ingen enkel prosess å velje ut produksjonar til programmet. Vi fekk inn svært mange gode forslag, og set stor pris på at så mange har vist interesse for å vere med i Den kulturelle skulesekken i Vestland. Det er særleg gledeleg at mange lokale utøvarar og institusjonar ønskjer å formidle kunst og kultur til elevane i fylket vårt, seier Charlotte Espeland, som er koordinator for DKS i Vestland fylkeskommune.

Alle produksjonane som er valde ut, er vurderte av eksterne og interne fagpersonar, og eit sett med kriterium skal sikre eit godt og balansert tilbod.

Opplevingar for elevar i heile fylket

DKS-programmet til Vestland fylkeskommune skal dekke skular frå Stadlandet nord i fylket til Sveio i sør. Det blir tilbod for alle elevar frå 1. klasse på barneskulen til 3. klasse på vidaregåande. Det er ein stor jobb å setje opp det detaljerte programmet med kva skular og klassar som skal få besøk av kva produksjonar.

– For mange elevar er dette deira første møtet med kunst og kultur, og for nokre er det kanskje berre gjennom DKS at dei får desse møta. Vi som jobbar med DKS har difor eit stort ansvar, og det tek vi på alvor seier Espeland.

Ho fortel at pandemien det siste året har gjort det vanskeleg for mange, og at dei har fått tilbakemeldingar frå fleire skular om at dei kulturelle møta i DKS er eit viktig avbrekk i kvardagen.

– No rettar vi blikket framover og planlegg neste skuleår med håp om ein normal og smittefri kvardag utan avgrensingar og tiltak, slår ho fast.

Jobbar for meir nynorsk i DKS

Av dei 1224 forslaga til produksjonar til DKS var 148 på nynorsk, og av dei 83 utvalde til programmet er 23 på nynorsk. Eit nasjonalt prosjekt for meir nynorsk i DKS gjev håp om fleire nynorskproduksjonar neste skuleår. Det fortel Øyvind Høstaker, som jobbar med DKS i Vestland, og som leiar juryen i det nasjonale prosjektet i regi av Kulturtanken.

– Vi har plukka ut sju nynorskprosjekt som no får honorerte kunstnaropphald for å jobbe vidare med nynorskproduksjonane sine. Eitt av kriteria for å bli utvalde, var at produksjonen skal vere klar til å meldast inn som forslag til produksjon for DKS-tilbodet for skuleåret 2022/23. Såleis har eg eit godt håp om å sjå prosjekta vi har valt ut som del av DKS-programma for heile landet neste år att, seier Høstaker.

Høstaker og resten av juryen valde ut desse til å jobbe vidare med nynorskprosjekta sine.

foto frå førestillinga Yana and the Yeti i Den kulturelle skulesekken
MØRK OG MOROSAM: «Yana and the Yeti» er ei anna førestilling som blir med i DKS-programmet. Det er ei mørk og morosam forteljing. Det handlar om Yana som kjem fram til ein avsidesliggjande og snødekt landsby, som er omkransa av tett skog og underlege lydar. (Pressefoto)

Samansett tilbod      

Men tilbake til komande skuleår. Sjølv om puslespelet med kva skular og klassar som får besøk av kven er i ferd med å leggast, så er rammene på plass.

Dei yngste elevane får oppleve blant anna musikk frå heile verda, spennande bøker og forfattarbesøk og morosam og kul scenekunst. For mellomtrinnet står visuell kunst, scenekunst, musikk og kulturarv på programmet. Ungdomsskuleelevane får ta del i filmopplevingar, der dei både skal lage eigne filmar og sjå filmar. Dei får også besøk av forfattarar og skal få oppleve kulturarv på musea.

Elevane på dei vidaregåande skulane får eit tilbod som er samansett av både scenekunst, musikk, film, litteratur, kulturarv og visuell kunst. Det vert store konsertar, små workshops, film og scenekunst.

Her finn du ei oversikt over alle produksjonane som er valde ut til DKS programmet 2021/22.