Tilsett på Sandsli koronasmitta

Ein tilsett i Vestland fylkeskommune med kontorplass i fylkeshuset på Sandsli har fått stadfesta koronasmitte. Tilsette og andre som ein veit har vore i nær kontakt med vedkommande, er varsla og bedne om å nytte heimekarantene.

Illustrasjon av blodprøve i testar. Foto.
HEIMEKARANTENE: Tilsette og andre som ein veit har vore i nær kontakt med den smitta, er varsla og bedne om å nytte heimekarantene. Foto: Shutterstock

Fylkesrådmannen er i dialog med aktuelle helsemyndigheiter for å avklare vidare oppfølging av situasjonen. Så langt ein kjenner til, har den aktuelle personen ikkje vore i kontakt med tilfeldige besøkande på fylkeshuset.

Tilsette og andre som er bedne om å vere i karantene heime, må vere merksame på eventuelle symptom på smitte og sjukdom og kontakte lege ved behov.

Her finn du meir informasjon om kva Folkehelseinstituttet meiner med heimekarantene (NB! oppdatert 8. mai 2024: sletta brutt lenke til FHI)

Drifta i fylkeshuset på Sandsli held fram som normalt. Som eit første grep vert det no sett inn ekstra reinhald og gjennomført desinfeksjon av aktuelle fellesområde. Det vert og gjort nokre tilpassingar i praktiske rutinar rundt matservering i kantina.

Kontaktperson for eventuell presse: fylkesrådmann Rune Haugsdal: 945 00 337