Skal kartlegge viktige vegstrekningar for næringslivet

Kollektivtrafikk på sjø og viktige strekningar for næringslivet i fylket er no med som tema i planprogrammet for den første regionale transportplanen for Vestland fylke. Planprogrammet har vore på høyring, og innspel frå kommunar og andre er tatt med.

veg med bilar påå
ASKØY: Vestland har mange vegstrekningar som treng utbetring med tanke på både trafikantar, kollektivtrafikk og næringsliv. Fv. 212 mellom Lindhaugen og Slettebrekka er ferdig utbetra, som ein del av Askøy-pakken. Foto: Statens Vegvesen

Regional transportplan (RTP) 2022-2033 for Vestland fylke er den strategiske planen for utviklinga av samferdslesektoren i fylket. 17. september vedtok fylkesutvalet planprogrammet - planen for planen.

Viktige innspel kom med

Planprogrammet til RTP har vore på høyring i fylket, og no har høyringsinnspel frå organisasjonar, kommunar og andre gitt fire tilføringar som planprogrammet tek med seg vidare.

Den første er at RTP skal kartlegge viktige strekningar for næringslivet i Vestland.
– Når eg reiser rundt i fylket er dette noko av det eg alltid blir møtt med, kor viktig det er med infrastruktur rundt næringslivet vårt. Det er vesentleg for å sikre busetnad i fylket, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Planprogrammet er delt inn i fem hovudtema, som er fylkesvegnettet, mobilitet, kollektivtransport, finansiering og nasjonale ansvarsområde.

No er også kollektivtransport på sjø, meir veg for pengane og strategiar for massehandtering tema som er med. 

Meir veg for pengane

RTP skal sjå på korleis Vestland fylkeskommune kan sikre meir veg for pengane gjennom å fastsette standardkrav og kontraktsformer. Å lage prinsipp og strategiar for god handtering av overskotsmassar i vegprosjekta våre er ein del av dette. Gjennom RTP 2022-2033 skal fylkeskommunen sikre ein trygg, berekraftig og nyskapande transportsektor i Vestland. Planen blir vedtatt i fylkestinget i desember 2021.

– Vi har no eit program for planen som vi er godt nøgde med, og vi skal ha ein god prosess fram til eit levande plandokument for samferdslesektoren i fylket, seier Askeland. – Og det blir nye høve til medverknad allereie over nyttår. 

Det blir innspelsmøte til planen rundt om i fylket i januar og februar neste år, og eit planutkast blir sendt på høyring i juni 2021 med nye innspelsmøte hausten 2021.