Redusert aktivitet ved tannklinikkane i Vestland

Som ledd i arbeidet med å avgrense og forseinke utbrotet av koronasmitte og sikre forsvarleg drift, reduserer tannhelsetenesta i Vestland aktiviteten ved klinikkane. Pasientar med behov for akutt behandling vil framleis få time.

bilde av en stol på eit behandlingsrom på tannklinikk

All ordinær tannbehandling vert avlyst med verknad frå og med fredag 13. mars og inntil vidare.

- Vi følgjer kontinuerleg med på informasjon og råd frå helsestyresmaktene. Tiltaket er sett i verk for å bidra til å avgrense epidemien og for å sikre forsvarleg drift, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Pasientar med akutt behov for tannbehandling må kontakte tannklinikken i forkant dersom dei har symptom på luftvegsinfeksjon, har mistanke om at dei er smitta av koronaviruset eller har fått stadfesta slik smitte.

Finn din tannklinikk

Kontaktpersonar for pressen:

  • Fylkestannlege Lathamini Murugesh: 900 93 136
  • Fylkesrådmann Rune Haugsdal: 945 00 337