Påskehelsing og eit kulturelt påskeegg

Vi går inn i ei spesiell påske. Her kjem ei påskehelsing frå fylkesordføraren, saman med eit kulturelt – digitalt – påskeegg frå fylkeskommunen, med tips til alt frå musikk, film og bøker via fotosamlingar til E-sport.

Foto av fylkesordførar Jon Askeland som held eit påskeegg
GOD PÅSKE: Fylkesordførar Jon Askeland ønskjer alle innbyggjarane i Vestland ei retteleg god påske med eit digitalt påskeegg fylt med ulike kulturtilbod.

Koronaviruset har gjort at mange av oss får ei annleis påske. Kvardagen er endra, og vi møtest ikkje som vanleg kring kulturelle aktivitetar eller gjennom hobbyane våre. Media skriv mykje om isolasjon. Verknaden isolasjon har på oss skal vi ta på alvor.

– Vi i Vestland fylkeskommune har fylt eit kulturelt påskeegg til innbyggjarane i fylket– og andre som måtte vere interesserte. Vi veit at kultur kan aktivisere oss og gjere opplevinga av isolasjon mindre. Det kan få oss til å kjenne oss mindre einsame og gje oss håp. Det treng vi, seier fylkesordførar Jon Askeland, som med dette ønskjer alle innbyggjarane i Vestland ei god påske.

Det er eit variert påskeegg vi har sett saman, her er det noko for mange og frå mange.

– Det finst ei rekkje kulturtilbod digitalt – for alle aldersgrupper – og mange kunstnarar og kulturinstitusjonar har snudd seg raskt rundt og skapt nye, etter at dei fysiske møteplassane vart stengde. Vi håpar mange finn fram til kultur på nett når vi no ikkje kan treffast slik vi gjer elles, seier seksjonssjef for kulturformidling Siri Ingvaldsen.

Eit fylkeskommunalt initiativ er spelelista «Songar som samlar» på Spotify. Her legg vi opp til at alle kan dele ein song dei forbind med det å vere samlande.

– I ei tid der vi blir bedne om å vere heime, tek vi i fylkeskommunen i bruk kunnskap om musikken sin samlande effekt. Ver med i dugnaden og legg til ein song på spelelista som du tenkjer handlar om å vere saman. Då bidreg vi alle til ein felles aktivitet, seier musikkterapeut i Vestland fylkeskommune, Simen Lagesen Krogstie.

Du finn spelelista «Songar som samlar» på denne lenka.

Vinteren og våren er eigentleg UKM-tid, med arrangement både i kommunane og på fylkesnivå, der unge får vise seg fram med ulike kulturelle uttrykk. I år er fylkesfestivalane avlyste.

Som ei erstatning jobbar fylkeskommunane saman med UKM Norge med fleire digitale tilbod som ungdomane kan ta i bruk og aktivisere seg med. Det kjem fleire digitale løysingar utover våren, men i første omgang kan dei som ønskjer det, melde seg på aktiviteten «koronapåske» i regi av UKM Norge og ungdom og fritid.

Meir om koronapåske og korleis du deltek her.

Gaming er ein kulturell aktivitet på linje med andre kulturelle aktivitetar.

– I den virtuelle verda kan mange oppleve sosial aktivitet som ikkje vert svekka av dei fysiske avgrensingane vi har no. Inviter gjerne også fleire inn, er oppmodinga frå musikkterapeuten.

Påske er vanlegvis LAN-tid for mange. Det har Enivest, Framtidsfylket, Høgskulen på Vestlandet og Sunnfjord Utvikling teke konsekvensen av. Dei arrangerer det virtuelle LAN-partyet VestLAN Virtual 2020 24.–26. april.

«Ja vi veit – eit LAN er ei fysisk samling. Men, no har det seg slik at det ikkje let seg gjere pga. koronakrisa. Så difor arrangerer vi ei virtuelt LAN, med turneringar, store premiar, streamingstudio, konkurransar og mykje moro», skriv Enivest på Facebook.

Les meir om det virtuelle LAN-partyet på vestlan.no.

Bevegelse er godt for helsa, og sjølv om mykje organisert idrett og friluft er avgrensa i desse tider, så finst det løysingar.

Olympiatoppen legg dagleg ut snuttar med små miniføredrag, der motivasjon og læring står i sentrum. Tema er blant anna gjennomføringskraft, endringsvilje og mot.

Du finn oversikt over snuttane på nettsida til Olympiatoppen.

Tur i nærområdet er ein fin måte å kome seg ut og vere i bevegelse på. Kan hende finst det område i nærområdet ditt som du enno ikkje har utforska? På ut.no kan du søke etter turvegar i område du ønskjer å bli kjend med. Hugs føringar om grupper på maks fem personar, og med to meters avstand.

norskfriluftsliv.no finn du også mykje god informasjon om friluftsliv og korona. Her finn du blant anna tips til uteaktivitetar, kjekke tur-appar og koronavettreglane for friluftslivet.

Mange eldre er særleg isolerte på grunn av koronaviruset og får gjerne mindre besøk enn dei ville ha fått elles. Fleire av tilboda i Den kulturelle spaserstokken er avlyste, men på nett finst det nokre tilbod.

Syng sammen

Ressursportalen Syng sammen har gjort tilbodet sitt gratis for alle brukarar t.o.m. 1. mai i første omgang. Her er det mogleg å berre lytte, men også å delta i songstunder.

Få tilgang til Syng sammen her.

OseanaLIVE

Eitt anna tilbod er OseanaLIVE, som strøymer kultur gratis til bebuarar på  helseinstitusjonar. Grunna avlyste arrangement, sender dei reprisar av fleire tidlegare framsyningar.

Gå til OseanaLIVE her.

Fleire aktørar i Vestland har funne gode digitale løysingar for å formidle kultur også når vi opplever ei nedstenging av samfunnet. Her er to tips til kvar du kan få gode, digitale sceneopplevingar:

USF online music festival 

Bergen filharmoniske

Det Vestnorske Teateret har ein digital arena no i koronatider. Denne er #Samankvarfoross. På denne sida får du ulike kunstnarlege innslag frå skodespelarar, musikarar og songarar tilknytta Det Vestnorske Teateret. Dei same innslaga vert også publiserte på Facebook og Vimeo.

Musea er stengde som følgje av koronasituasjonen, men også der har nokre laga digitale tilbod.

Sogn og Fjordane kunstmuseum arrangerer ei virtuell påskeeggjakt, der dei har filma Vestlandsutstillinga og gøymt påskeegg i filmane. Meir om konkurransen på Facebook-sida til museet.

Bymuseet i Bergen legg til rette for bypåske med digitalt museum her.

Aleine saman – Nynorsk kultursentrum

Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele bidraga sine. Dette er samla under overskrifta «Aleine saman – korona og kulturen» og er digitale tilbod for barn, unge og vaksne.

Blant dei som har bidrege er Odd Nordstoga, Jon Fosse, Maria Parr og Linda Eide.

Sjå alle bidraga på nynorsk.no.

I Bremanger finn ein Vingen helleristningsfelt. Her er det lagt til rette for virtuell utforsking.

Riksantikvaren sin podkast tek for seg alt du ikkje visste om kulturminne og dei spanande historiene kring dei.

– Biblioteka i fylket har nesten blitt heildigitale som følgje av koronautbrotet. Dei har lenge hatt digitale tilbod til brukarane sine, og no har desse verkeleg blitt høgaktuelle, seier Ruth Ørnholt, som er seksjonsleiar for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune.

Nasjonalt lånekort

Ho oppmodar alle om å skaffe seg nasjonalt lånekort digitalt, då dette er nøkkelen til mange digitale tenester. Dette kan du gjere på nb.bib.no.

Med nasjonalt lånekort får du tilgang til e-bøker og lydbøker på appen BookBites, som du kan lese meir om her.

Fysiske bøker

Men det er også håp for dei som framleis vil halde seg til fysiske bøker. Om du ikkje får lese deg mett i påska, har fleire folkebibliotek opna for eit klikk og hent-tilbod, der du kan bestille bøker heimanfrå og plukke dei opp utanfor biblioteket. Informasjon om dette finn du på nettsidene og Facebook-sidene til biblioteka.

Gratis filmar

filmbib.no kan du strøyme filmar gratis. Dette er eit godt tilbod om du vil ha eit breitt utval av norske kort- og dokumentarfilmar. Alt du treng for å kome i gang, er det nasjonale lånekortet.

Litteraturarrangement – rett heim

Karanteket.no samlar mange tilbod bibliotek landet over har til deg som brukar. I kalenderen finn du fleire litterære arrangement, som høgtlesing, forfattarprat og anna som i normale tider ville funnet stad i regi av bibliotek. Det er Nordland fylkeskommune som står bak dette tilbodet.

Fylkeskommunen har sjølv eit rikhaldig arkivmateriale, der mykje er gjort tilgjengeleg for publikum.

– Fylkesarkivet i Vestland forvaltar omfattande samlingar av arkiv og kjeldemateriale innan fagområda offentlege arkiv, privatarkiv, stadnamn, foto og musikk. Her er det litt av kvart for ulike målgrupper med ulike interesseområde, seier seksjonssjef for arkiv Arnt Ola Fidjestøl.

Her finn du samlingane til Fylkesarkivet.

Kjelda

nettsida ISSUU finn du eldre utgåver av tidsskriftet Kjelda, som Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt ut sidan 1992, og som held fram i Vestland. Utgåvene fram til 2015 ligg ute. Kjelda er eit fagtidsskrift og magasin som skal vise fram kulturhistorie i fylket, i tillegg til å vise fram utdrag frå arkiv og kjelder som vi forvaltar. Her er det både lengre og kortare artiklar om blant anna folk, hendingar og stadnamn.

Nettleksikon og fotoarkiv

Nettleksikona Grind og Kulturhistorisk leksikon er begge knytte til fylkeskommunen. Grind er Universitetet i Bergen sin portal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø. Kulturhistorisk leksikon er eit lokalhistorisk leksikon driven av fylkeskommunen sjølv.

Ved å kombinere den skriftlege forteljinga med det visuelle, kan det gje eit større inntrykk av korleis menneska før oss levde. I webarkivet for foto kan du søke blant 112 000 bilete frå tidlegare Sogn og Fjordane og nokre bilete frå tidlegare Hordaland.

Brak er et kompetansesenter for alle som driv med musikk i Vestland. Senteret har no utvikla ressursen "Livestreamingens ABC", der artistar kan lære seg nettopp livestreaming.

Brak har også spelelista Brakstart 2020 på Spotify. Der har dei samla musikk frå artistar med tilknyting til Vestland i 2020.

Mange aktørar i musikkbransjen er hardt ramma av koronakrisa.

Ei rekke aktørar har saman med MIR (Musikkindustriens Næringsråd) kasta seg rundt og samarbeida for å utvikle musikkhjemmekontoret.no, som eit akutt tiltak i krisa.

Dei som står bak dette er

  • BRAK (kompetansesenter for alle som driver med musikk i Vestland)
  • MØST (Musikknettverk Østlandet)
  • ØKS (Østafjelske kompetansesenter for musikk)
  • RYK (Rytmisk kompetansenettverk i nord)
  • STAR (kompetansesenter for musikkmiljøet i Rogaland)
  • TEMPO (for artister, arrangører og andre musikkaktører i Midt-Norge)
  • SØRF (Sørnorsk kompetansesenter for musikk)