Slik kan elevar hindre fråfall i kroppsøvingsfaget

Elevar som har ein skade eller av andre årsaker ikkje kan følgje normal undervisning  i kroppsøving, kan no med eit skjema frå legen lettare få rettelagt undervisning. Slik unngår eleven å miste karaktergrunnlaget i dette faget.

gutar speler volleyball i gymsal
HINDRE FRÅFALL: Har du ei skade som gjer at du til dømes ikkje kan spele volleyball i gymmen, kan du kanskje gjere noko anna?

– Over mange år har det vore ein tendens til at elevar deltek mindre i kroppsøving enn i andre fag. Det kan vere mange grunnar til dette. Når ein elev går til lege for å få «sjukmelding» for deltaking i kroppsøving, kan det medføre at ho eller han misser karaktergrunnlaget i faget. Dette er svært negativt for gjennomføring og vitnemål i vidaregåande opplæring, seier Bjørn Lyngedal som er direktør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Plikt til å tilpasse læringa

Bodskapen frå fylkeskommunen er at faglærar etter opplæringslova har plikt til å gje tilpassa opplæring i alle fag, også i kroppsøving. Dersom eleven ber om dokumentasjon frå lege, skal denne vere til hjelp for faglærar ved tilrettelegging, ikkje berre ei generell vurdering eller sjukmelding som seier at det beste er fritak frå aktivitet i faget.

Her finn du skjemaet

Alle legar og fastlegar i Vestland fylke vil ha tilgang til dette skjemaet i internt journalsystem, men elevar kan òg laste det ned og ta det med til legen. Eleven viser ferdig utfylt skjema til faglærar i kroppsøving, og ho eller han legg så til rette opplæringa så godt som mogleg.

Du finn lenke til skjema her på heimesida til vestlandfylke.no 

Skjemaet som elevane no kan ta i bruk, er laga i eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Energisenteret for barn og unge (Haukeland Universitetssjukehus), Fylkeslegen og Bergen kommune. Representant for fastlegane har vore med i heile prosessen.