Skjema for tilrettelagt undervisning i kroppsøving

Det er svært viktig at så mange elevar som råd følgjer opplæringa i faget kroppsøving. Ved skade eller sjukdom vil faglærar leggje til rette for alternativ og tilpassa opplæring eller aktivitet.

Dette har du som elev krav på utan å måtte vise dokumentasjon frå lege.

Men dersom du kontaktar lege i samband med skade eller sjukdom, vil du også kunne få dokumentasjon på kva tilrettelegging legen meiner er fornuftig. Frå og med skuleåret 2020-2021 vil legane bruke dette skjemaet. Alle legar/fastlegar i Vestland fylke vil ha tilgang til dette skjemaet i internt journalsystem, men du kan også laste det ned og ta det med deg til legen. Du viser ferdig utfylt skjema til faglærar i kroppsøving, og ho eller han legg til rette opplæringa så godt som mogleg.