Helsing til skulestartarane

– Eg vil oppfordra alle til å ta eit ekstra ansvar for eit godt og inkluderande skulemiljø slik at alle får ein god skulekvardag. Dette seier Karianne Torvanger som er leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse. Ho har skrive ei lita helsing til elevane i Vestland.

SEI HEI: - Sjølv om korona-situasjonen set nokre avgrensingar for fysisk kontakt og sosiale samankomstar er det likevel mykje vi kan gjere. Eit smil eller eit hei kostar ikkje mykje og det kan bryte barrierar, skriv Karianne Torvanger, som er hovudutvalsleiar for opplæring og kompetanse. Hovudbilete viser oppstart på Firda vgs.
SEI HEI: - Sjølv om korona-situasjonen set nokre avgrensingar for fysisk kontakt og sosiale samankomstar er det likevel mykje vi kan gjere. Eit smil eller eit hei kostar ikkje mykje og det kan bryte barrierar, skriv Karianne Torvanger, som er hovudutvalsleiar for opplæring og kompetanse. Hovudbilete viser oppstart på Firda vgs.

Velkommen til eit nytt skuleår i Vestland.

I dag er det første skuledag i eit heilt nytt skuleår. Det er nok mange som kjenner på ein klump i magen og som grugleder seg til den nye kvardagen som ventar. Det blir ein spennande dag anten ein skal begynne på vidaregåande for første gang eller om ein skal vidare på eit påbegynt opplæringsløp. Nokre har gjerne flytta til ein heilt ny plass og kjenner ikkje så mange, andre igjen gleder seg til å se igjen venene ein ikkje har sett heile sommaren.

Eg vil oppfordra alle til å ta eit ekstra ansvar for eit godt og inkluderande skulemiljø slik at alle får ein god skulekvardag. Sjølv om korona-situasjonen set nokre avgrensingar for fysisk kontakt og sosiale samankomstar er det likevel mykje vi kan gjere. Eit smil eller eit hei kostar ikkje mykje og det kan bryte barrierar. Eit inkluderande miljø er når alle har respekt for kvarandre. Det må være rom for alle og akseptert å være annleis. Om det er nokon som ikkje har det så greitt på skulane våre er det viktig å seie frå så tidleg som mogleg, både for elever og føresette. I Vestland har vi to elev- og lærlingombod som er tilgjengeleg, og som kan både støtte, rettleie og gje råd i ulike situasjonar. Dei jobbar for at du som er elev, lærling eller lærekandidat skal få oppfylt rettane dine og dei har også teieplikt.

Det blir lagt opp til ein så normal skulestart som mogleg, samstundes vil koronasituasjonen likevel påverke skulestarten både for elevar og tilsette. Det er viktig å sikre god og rett informasjon og det ligg tilgjengeleg informasjon på skulane sine informasjonsflater om smittevern og kva som gjeld på akkurat din skule. Det er viktig å påpeike at vi alle har eit stort ansvar for å følgje rettleiar for smittevern og at ein ikkje møter på skulen dersom ein har symptom på luftvegsinfeksjon.

Nytt for dette skuleåret er også innføring av fagfornyinga som får betydning for læringsarbeidet både i klasserom og verkstad.  Fagfornyinga handlar om å fornye faga i skulen og sikre eit innhald som møter krava for dagens samfunn. Dei nye læreplanane åpnar opp for djupnelæring, er meir tverrfaglege, og skal bidra til at alle skal kunne nyttiggjere seg av det ein lærer. Gjennom dei nye tverrfaglege emna demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring vil faga framstå som relevante på ein heilt ny måte. 

Lukke til med skulestart og eit nytt spennande skuleår!

Hugs å ta vare på kvarandre, ta ansvar og hald avstand.

Karianne Torvanger,
leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse