Framleis stengte skular, tannklinikkar og administrasjonsbygg

Vestland fylkeskommune vidarefører dei tiltaka som allereie er innført i kampen mot koronaviruset til over påske. Fylkeskommunen følgjer dermed opp regjeringa sitt vedtak i dag der målet no er å slå ned utbrotet i Noreg, ikkje lenger berre å avgrense og forseinke smitta.

mann foran to PC-skjermer
HEIMEKONTOR: Fylkesrådmann Rune Haugsdal må slik som svært mange andre i desse dagar ha heimekontor nokre veker til.

- Vi føljer dei vedtaka som regjeringa og helsestyresmaktene gjer, fastslår fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Dette inneber at dei vidaregåande skulane, dei fleste tannklinikkane og fylkesadministrasjonen i Bergen, Førde og på Leikanger framleis vert stengt. Elevane held fram med undervisning via digitale plattformar. Tannklinikkane vil ta imot pasientar med akutt behov for behandling etter nærare avtale. Andre tilsette i fylkeskommunen skal i størst mogleg grad utføre arbeidsoppgåvene sine heimanfrå.

Rutetilbodet for bussar og Bybanen held også fram med reduserte avgangar tilsvarande sommarruter eller skulefri. 

Dei aktuelle tiltaka vert i denne omgang forlenga fram til 13. april.

Sjå elles samlesida vår om korona og dei ulike fylkeskommunale tenestene.