Feie er snart tilbake i opphavleg stand

Redningsskøyta RS4 Feie er snart tilbake i den standen ho var då ho kom til Bergen i 1893 – takka vere pengar frå blant andre Vestland fylkeskommune og ein flittig dugnadsgjeng.

svart-kvitt-foto av redningsskøyta Feie i Bergen
REDNINGSSKØYTE: RS4 Feie slik ho såg ut då ho fungerte som los- og redningsskøyte i Bergen 1893–1905. Målet med restaureringsarbeidet som går føre seg no, er at Feie skal setjast i stand til slik ho såg ut i denne perioden. (Foto: Hardanger fartøyvernsenter)

Feie var eitt av 18 fartøy som fekk midlar til istandsetjing frå Vestland fylkeskommune i april i år. Bergen Seilskøyteklubb (BSSK) fekk då 200 000 kr til arbeidet.

Målet er at Feie skal sjå ut slik ho gjorde då ho kom til Bergen. Det inneber blant anna å byte ut furua i baugen med eik. Skroget nærmar seg ferdig, og rundholta til mast og bom ligg klare i naustet.

Frivillig innsats og sterke fagmiljø

Det går føre seg eit grundig arbeid på anlegget på Ruskeneset ved Straume bro, der Feie ligg. Fylkesdirektør for kultur, idrett og inkludering, Per Morten Ekerhovd fortel at fartøyvernet i Vestland byggjer på ein stor frivillig innsats og sterke fagmiljø.

– I tilfellet RS4 Feie er dei frivillige kreftene kopla saman med Hardanger fartøyvernsenter, og det syner att i resultata. Her har vore arbeidd grundig med historiske kjelder, og ein har funne gode løysingar som tek omsyn både til vern og bruk av fartøyet, seier Ekerhovd.

Vestland er fylket med flest freda og verneverdige fartøy. Det er ei viktig oppgåve – for både fylkeskommunen og andre – å ta vare på desse flytande kulturminna, som kjelder til kunnskap og oppleving.

foto av redningsskøyta Feie før restaureringa starta
FØR ISTANDSETJINGA: Bergen Seilskøyteklubb henta Feie til Bergen våren 2019 og sette fartøyet på land. Vernetak kom raskt på plass, og istandsetjinga kunne ta til. (Foto: BSSK)

Maritimt klenodium

Trass i at korona har bremsa dugnadsgjengen på Ruskeneset noko, har arbeidet med å setje i stand den første redningsskøyta i Bergen hatt god framgang.

I restaureringsarbeidet brukar BSSK teikningar frå Colin Archer, historiske bilete og oppmålingar. Feie er verna av Riksantikvaren, og før det blir sett i gang arbeid på verna fartøy, må eigar ha godkjent ein plan for restaureringa. Planen for Feie seier at skøyta skal setjast i stand slik ho var då ho var stasjonert i Bergen som los- og redningsskøyte. Materialar og løysingar skal vere slik dei var i perioden 1893–1905.

– BSSK er stolte over å ha henta dette maritime klenodiet tilbake til Bergen. Vi har som mål at redningsskøyta skal bevarast for framtidige generasjonar – som flytande kulturminne. Ønskjer du å ta ein kikk på båten og prosjektet, er du velkomen til Ruskeneset, seier Jarle Røst som er leiar i klubben.

foto frå restaureringa av redningsskøyta Feie
EIK: Huda på RS4 Feie var opphavleg av eik. Hudplank av furu som har kome til seinare, vert no erstatta med eik slik Feie hadde i perioden 1893–1905.

Historia om Feie

RS4 Feie vart bygd av Colin Archer i 1893 og vart sett i drift som redningskøyte året etter. Då Bergen Redningsforening tinga skøyta frå den velrenommerte skipskonstruktøren i juli 1893, kosta ho 5250.

Feie vart utstyrt med berre ei mast, og var hovudsakleg bygd av materialar som Archer hadde att etter at han hadde bygd polarskuta Fram.

Feie var stasjonert i Bergen som los- og redningsskøyte og fekk ansvar for å dekkje kyststrekninga mellom Skudenes og Fedje. Den mest kjende redningsaksjonen Feie var med på, var då RS4 berga 26 fartøy under ein frykteleg storm på Sletta nord for Haugesund kring år 1900.