Digital litteraturdugnad i Den kulturelle skulesekken

Då skulane stengde i mars i år, vart alle turneane i Den kulturelle skulesekken (DKS) avlyste. Dei som jobbar med skulesekken snudde seg rundt og fekk på plass digitale tilbod for alle klassetrinn i grunnskulen.

foto av forfattar og musikar Roald Kaldestad
HEAVYKATTEN: Roald Kaldestad er barnebokforfattar og musikar, og i vår skulle han eigentleg ha turnert med førestillinga "Heavykatten" i Den kulturelle skulesekken. Då det vart koronaavlyst, stilte Kaldestad heller opp i ein digital produksjon med forfattarmøte, musikk, opplesing og visuelle innslag frå bøkene sine. (Foto: Marius Knutsen)

– Vi hadde planlagt turnear i heile fylket denne våren, med ulike kulturuttrykk og utøvarar. Plutseleg var alt avlyst, elevane sat heime, og vi måtte tenkje nytt. Den nasjonale avtalen med utøvarane gav i utgangspunktet ikkje elevane noko alternativt tilbod. Men takka vere sporty forfattarar og skodespelarar fekk vi til gode opplegg for elevane i ei heilt spesiell tid, seier Siri Ingvaldsen, som er seksjonssjef for kulturformidling i Vestland fylkeskommune. 

Nynorsk litteratur

Vestland fylkeskommune sette straks i gang arbeidet med å tilby DKS-framsyningar på digitale plattformer. Dei som jobbar med skulesekken tok kontakt med utøvarane på tre av turneane som skulle ha vore på turné i år og fekk saman med Kulturtanken til ein avtale om produksjon av digitale tilbod. Utgangspunktet for produksjonane vart nynorsk litteratur.

– Kulturtanken valde tidleg å lage digitale møte med forfattarar som skulle ha vore på turné i skulesekken. Fylkeskommunen vart utfordra av Kulturtanken til å lage nynorskproduksjonar etter same mal, og vi vart dermed med i dugnaden, seier Ingvaldsen.

Digital litteraturdugnad

Produksjonen for 1. til 7. trinn var med musikar og barnebokforfattar Roald Kaldestad. Han og medmusikarar skulle turnere «Heavykatten» i vår. I staden vart det ein digital produksjon med møte med forfattaren, litt musikk og visuelle innslag frå bøkene hans og nokre korte opplesingar.

Elevar på 5. til 7. trinn fekk ein nyproduksjon av teaterframsyninga «Les for livet!». Skodespelarane Hanne Mellingen og Ronnie Mega Herdlevær gir ein smakebit av framsyninga der dei løftar fram aktuell litteratur for barn og unge. Målet er å gje elevane leselyst.

Ungdomstrinnet fekk tilbod om eit forfattarmøte med Terje Torkildsen, som har gitt ut fleire ungdomsbøker. Torkildsen har også jobba som stand up-komikar i 20 år og nyttar mykje humor i formidlinga si.

Du kan lese meir om den digitale litteraturformidlingsdugnaden på nettsidene til DKS nasjonalt.

Følgde med undervisningsopplegg

Alle produksjonane vart laga etter same mal. Det er 15 minuttar lange videosnuttar, og skulene fekk også med informasjon med tips til bruk og undervisningsopplegg. I tida med heimeskule kunne lærarane leggje dei ulike tilboda ved i timeplanen som vart sendt ut via dei digitale læringsplattformene.