Avlyser alle eigne arrangement fram til påske
Vestland fylkeskommune avlyser alle kurs, konferansar og samlingar i eigen regi fram til påske. Dette vert gjort for å forseinke og avgrense utbrotet av korona-smitte.
Aktivitetane det her er snakk om, vert ikkje vurderte som naudsynte eller kritiske å gjennomføre den næraste tida.
Oppdatert 12. mars: Politiske møte i perioden 16. til 20. mars er avlyst.
- Ut frå situasjonen er det viktig å vurdere nøye kva aktivitetar vi no vel å gjennomføre. Ulike typar arrangement samlar gjerne mange menneske over lengre tid, noko som igjen aukar risikoen for smitte. Basert på ei heilskapleg vurdering har vi difor vedteke å avlyse alle slike kurs, konferansar og samlingar i fylkeskommunal regi fram til påske, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal.
På same måte vert tilsette i fylkeskommunen no oppmoda om ikkje sjølv å delta på tilsvarande arrangement utanfor fylkeskommunen.
- Vi må vege fordeler og ulemper ved ulike tiltak opp mot kvarandre ut frå eit risikoperspektiv. For fylkeskommunen sin del handlar det også om at vi som ein viktig samfunnsaktør har eit særleg ansvar for å sikre at vi klarer å halde drifta i gang. Difor må vi heile tida planlegge ut frå eit såkalla kontinuitetsprinsipp, forklarer Haugsdal.
Undervisninga ved dei vidaregåande skulane i fylket går som normalt, men fylkesrådmannen og staben følgjer utviklinga nøye i tråd med dei råda som vert gjevne frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet.