– Ei investering i demokratiet
Vestland fylkeskommune støttar regionale barne- og ungdomsorganisasjonar med 1,7 millionar kroner i 2020. Pengane går i stor grad til demokratiskulering og organisasjonsutvikling og -opplæring.
– Vi har mange og varierte barne- og ungdomsorganisasjonar i Vestland. Føremålet og aktiviteten spenner frå kultur, idrett og friluftsliv til politisk og humanitært arbeid, helse og livssyn. Felles for dei er at dei lærer opp unge i organisasjonslivet – og dermed samfunnslivet. Ved å støtte desse organisasjonane, investerer fylkeskommunen i framtida til demokratiet i fylket, og det er ei god investering, slår Stian Davies fast.
Han er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering, som løyvde dei 1,7 millionane i møtet sitt 16. september.
Alle får meir enn tidlegare
Til saman 17 organisasjonar får støtte, med summar frå 30 000 kr til 300 000 kr. Så godt som alle organisasjonane får meir i driftsstøtte i år enn dei gjorde tidlegare i dei gamle fylkeskommunane. Den einaste som ikkje får auka støtte er 4H Sogn og Fjordane, som får like mykje som før og mest av alle med 300 000 kr.
Målet med støtta er å leggje til rette slik at medlemane sjølve kan styre organisasjonane, og arbeide med demokratiskulering, organisasjonsutvikling og organisasjonsopplæring for barn og unge.
– Det går føre seg mykje viktig, frivillig organisasjons- og demokratiarbeid i barne- og ungdomsorganisasjonane i Vestland. Det er medlemane deira som skal ta over «vaksenorganisasjonane» og politikken i framtida. Ein god start her er heilt sentralt for både kunnskap og kanskje endå viktigare – for motivasjonen til å halde fram i det demokratiske organisasjonslivet, seier Davies.
Desse får støtte
- 4H Hordaland: 127 000 kr
- 4H Sogn og Fjordane: 300 000 kr
- Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM: 140 000 kr
- Bjørgvin krets av Norges KFUK-KFUM speidere: 90 000 kr
- CISV Hordaland (+ SFj) 100 000 kr
- Haugaland krets av Norges KFUK-KFUM: 80 000 kr
- Hordaland barne- og ungdomssjakk: 30 000 kr
- Hordaland krets av Norges speiderforbund: 130 000 kr
- Hordaland Røde Kors: 110 000 kr
- Hyperion vest: 80 000 kr
- KFUK-KFUM Sogn og Fjordane: 120 000 kr
- Miljøagentene i Vestland: 60 000 kr
- Ryvarden krins av N. speiderforbund: 80 000 kr
- Søndagsskolen Bergen krets: 75 000 kr
- Søndagsskolen Karmsund- Sunnhordaland: 50 000 kr
- Ung i kor vest: 100 000 kr
- Ung kyrkjesong vest: 80 000 kr
Du finn meir informasjon om tilskotsordninga og tildelinga i saksframlegget til hovudutvalet