Næringsforum Vestland
Næringsforum Vestland er ein partnarskap for samordna innsats for å fremje innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke i tråd med mål og strategiar i vedtekne regionale styringsdokument. Næringsforum Vestland skal også vere eit verktøy for koordinert innsats av midlar og andre ressursar som partnarane i forumet rår over til regional næringsutvikling og innovasjon.
Strategiar
Hovudstrategiane for arbeidet i Næringsforum Vestland arbeid skal vere dei til ein kvar tid vedtekne hovudstrategiane i vedtekne styringsdokument for fylket. Næringsforum Vestland skal sikre koordinert og effektiv utnytting av offentlege ressursar til næringsutvikling i fylket, her under samarbeid mellom dei ulike aktørane i gjennomføringa av konkrete tiltak.
Samarbeid
Deltakarane i Næringsforum Vestland skal gjennom eit forpliktande samarbeid medverke til:
- Å sette dagsorden og utvikle strategiar for ei samordna næringsutvikling.
- Ei betre koordinering av verkemiddelbruken.
- Ta initiativ til forsøk med ny verkemiddelbruk, andre organisasjonsformer og/eller arbeidsmåtar.
- Samordning av det strategiske planarbeidet for næringsutvikling i fylket.
- Å vidareutvikle Næringsforum Vestland som ein arena for regional næringsutvikling, industrialisering og innovasjon
Mynde og arbeidsområde
Næringsforum Vetland har ein sjølvstendig rådgjevande funksjon overfor administrativ leiing i Vestland fylkeskommune i spørsmål om næringsutvikling, arbeidsmarknad, næringsretta infrastruktur inkludert samferdsel og utdanning/kompetanseutvikling.
Oppgåver
Næringsforum Vestland skal mellom anna:
- Sikre kunnskapsgrunnlag for og ta initiativ til tiltak og satsingar for å fremje næringsutvikling og innovasjon.
- Vere overordna styringsgruppe for utarbeiding/revisjon av regionale styringsdokument knytt til arbeidsområda etter vedtak i fylkeskommunen.
- Følgje opp dei årlege handlingsprogramma der Næringsforum Vestland er tildelt ei rolle og ta initiativ til prosjekt/tiltak for å sikre ei god og treffsikker gjennomføring.
- Ta initiativ til utgreiingar / evalueringar med sikte på betre samordning av ressursbruken knytt til næringsutvikling.
- Informere om, og diskutere viktige ad-hoc saker som har relevans for næringsutvikling og sysselsetting i fylket.
Ressursar
Vestland fylkeskommune finansierer drifta av Næringsforum Vestland som organ. Dei viktigaste økonomiske verkemidlane fylkeskommunen rår over til regional næringsutvikling er knytt til budsjettet i det årlege handlingsprogrammet. Organisasjonane som deltar i Næringsforum Vestland, bidreg elles med ressursar til felles tiltak og satsingar etter nærare avtale.
Samansetnad
Næringsforum Vestland har frå april 2020 slik samansetnad:
- Vestland fylkeskommune ved avdelingsdirektør innovasjon og næringsutvikling – leiar
- Innovasjon Norge Vestland ved direktør
- Statsforvaltaren i Vestland ved landbruksdirektør
- Fiskeridirektoratet Region Vest ved regiondirektør
- NAV Vestland ved direktør
- Universitetet i Bergen ved rektor
- Høgskulen på Vestlandet ved rektor
- Norges Handelshøyskole ved rektor
- NHO Vestlandet ved regiondirektør
- LO Vestland, ved regionleiar
- Norges forskingsråd, ved regional representant Vestland
- KS Vestland, ved dagleg leiar
- Bergen kommune, ved næringssjef.
- Siva ved områdeansvarleg
- Næringsalliansen Vestland
Fast møtande frå Vestland fylkeskommune, avdeling for innovasjon og næringsutvikling:
- seksjonsleiarane møter når det er saker som gjeld deira saksfelt
Inviterte, og møter når det er relevante saker til handsaming:
- avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse
Dersom ein av dei faste medlemmene er forhindra frå å møte, kan ein la seg representere ved stedfortredande/assisterande leiar etter avtale med leiar for Næringsforum Vestland.