Næringsutvikling i landbruket – tilskot til aktivitetar i kommunane
Kommunar og selskap som jobbar med næringsutvikling i landbruket på oppdrag frå kommunar, kan søkje om tilskot til inspirasjonssamlingar for å motivere bønder til å utvikle drifta på gardane.
Samlingane kan til dømes bidra til å:
- gje ei breiare innsikt i kva som kan vere næringsdrift på eit gardsbruk
- skape inspirasjon gjennom å syne fram det andre har fått til
- sjå nye potensial for næringsdrift på eigen gard
- gje innsikt i økonomiske støtteordningar og kor ein kan få hjelp til å utvikle eigne idear
- bygge nettverk
Samlingane kan vere store eller små enkeltmøte, eller møteseriar som går over tid. Det er viktig å ha ein plan for korleis ein under og etter eit møte, kan få oversikt over kven som treng oppfølging og syne dei vidare til rett hjelp.
Søknaden må innehalde beskriving av møte som er planlagt, og føremålet. Søknaden må også innehalde ei beskriving av korleis kommunen planlegg å følgje opp etter møte.
Faglaga lokalt er viktig å ha med som samarbeidspart, både for å planlegge møte og for å gjennomføre dei. For større samlingar kan det vere lurt å samarbeide på tvers av kommunegrensene, men samarbeid mellom fleire kommunar, kan vere både fruktbart og effektivt uansett.
Utlysinga er ei oppfølging av denne hovudprioriteringa i årsplanen 2024, Temaplan landbruk: Vi skal saman med kommunane syne moglegheiter for å utvikle garden, og gje bøndene grunnlag til å ta val tufta på kunnskap. Det skal vi gjere ved å legge til rette for kunnskapsdeling og samhandling mellom kommunar, faglag og verkemiddelaktørar.
Ved tildeling vil vi legge vekt på:
- samarbeid, og at relevante partnarar blir kopla på i aktiviteten.
- at kommunen klarer å sette aktiviteten inn i ein samanheng og har ein plan for oppfølging av deltakarane vidare.
- at vi får ei geografisk spreiing av aktivitetar i heile fylket
Ei viktig utfordring i landbruket dei komande 10 åra, er kravet om at storfe skal vere i lausdrift frå 2034. Bøndene har god tilgang til informasjon og hjelp i prosessen med å vurdere korleis dei skal møte dette kravet. Prosjekt som har fokus på å legge om frå bås til lausdrift er difor ikkje ein del av denne utlysinga.
Ramme for utlysinga er på 2 000 000 kroner. Utlysinga vil vere open ut året 2024, eller til midlane er brukt opp. Søknadane vil bli handsame etter kvart som dei kjem inn.
Tilskot det kan søkjast om, er ein del av fylkeskommunen si ramme knytt til Regionale tilretteleggingstiltak i landbruket. Utlysinga kjem i tillegg til dei to ordinære utlysingane.
Kven kan søkje?
Kommunar kan søkje.
Næringsutviklingsselskap kan søkje på vegne av kommunar. Dette føreset at det er avtalt med kommunen.
Kva kan vi støtte? Og kva kan vi ikkje støtte?
Vi kan støtte:
- Kostnader til førebuing og gjennomføring av små og store inspirasjonssamlingar.
Vi støttar ikkje:
- Støtte eller rådgjeving som berre kjem ei enkeltbedrift/ eit enkeltbruk til gode.
- Innkjøp av utstyr
- Aktivitet som er gjennomført før tilskot blir gitt
- Aktivitetar som har fokus på å legge om frå bås til lausdrift
Finansiering av aktiviteten
- Maksimal støttesats frå fylkeskommunen er 75% av godkjent kostnadsoverslag for aktiviteten/prosjektet. Resterande 25% kan ikkje kome frå fylkeskommune eller staten.
- Godkjent timesats er inntil 1,2 promille av årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time.Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
- Det skal spesifiserast kva organisasjon som bidrar med eigeninnsats.
- Aktiviteten/prosjektet kan ikkje få støtte frå fleire fylkeskommunale finansieringskjelder.
- Midlane skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61(1). Dette vil kunne avgrense støttegrad og tildeling.
Søknadar skal innehalde
- Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket
- Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
- Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar og målgruppe i prosjekt/aktivitet
- Plan for korleis deltakarane skal bli følgt opp etter samlingane
- Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar
- Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
Økonomiske rammer for ordninga
2 000 000 kr.