Tilskot til rekruttering og kompetanse i landbruket

Aktiv jobbing med rekruttering, kompetansebygging og med omdømet til næringa, er ei avgjerande satsing for å styrke verdiskapinga i landbruket. No kan du søke om midlar til rekruttering og kompetanse i landbruket i Vestland. Frist: 15. april.

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til prosjekt knytt til rekruttering og kompetanse i landbruket og landbruksbaserte næringar. Vestland fylkeskommune har fått 1 960 000 kr til denne ordninga i 2021.

Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Føretak kan søkje dersom tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling. Det blir ikkje gitt etablerarstøtte eller støtte til bedriftsutviklingsprosjekt (investering og utviklingsprosjekt på eigen gard).
 

Skal styrke verdiskapinga

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for regional næringsutvikling, rekruttering og kompetanseheving med mål om å styrke verdiskapinga i Vestland, med særleg vekt på berekraft og miljø. Ordninga skal bidra til å betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringane og nå måla i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2021.

Det er viktig å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og gje fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa.

Prioriteringar i 2021

Prioriterte område for støtte er etterutdanning i landbruket, og tiltak som rettar seg mot rekruttering, likestilling og omdømebygging. Tiltak som bidrar til å styrke rekruttering til landbruksutdanning og etterutdanning for næringsutøvarar i landbruket skal prioriterast. Det er viktig å sikre fleksible moglegheiter for auka kompetanse hjå aktive yrkesutøvarar i næringa og dei som ynskjer seg inn i næringa. Ordninga skal bidra til å styrkje lønsemda i Vestlandslandbruket og auka produksjon på lokale ressursarOrdninga skal bidra til å sikre naturbrukstilbodet i fylket gjennom aktivt rekrutteringsarbeid og betre rekrutteringa til landbruket og bygdenæringaneDet blir lagt særleg vekt på berekraft og miljø. 

Prioriteringar 2021: 

  • bygge opp under omdømmet til næringa og få fram gode døme på unge bønder som lukkast 
  • jobbe aktivt for å synleggjere landbruket som karriereveg for ungdom, og medverke til auka rekruttering til naturbruk på vidaregåande nivå 
  • legge til rette for fadderordningar og gode nettverk for bonden 
  • kurs som næringsutøvarane har særskilt trong for, dette kan vere både fysiske og digitale kurs 
  • tilby fagkurs knytt til ulike produksjonar og produksjonsmetodar i samsvar med endringar i landbruket, mellom anna med tanke på klimaendringane og teknologisk utvikling 
  • legge til rette for å rekruttere nye grupper inn i næringa  
  • legge til rette for å rekruttere fleire kvinner til landbruket gjennom mentorordningar og nettverksbygging 

Grunnlaget for prioriteringane
Grunnlaget for prioritering av midlane er utarbeida i samarbeid med Innovasjon Norge, Statsforvaltaren og næringa sine organisasjonar i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2021. Dei regionale tilretteleggingsmidlane skal forvaltast i tråd med dei måla og strategiane som er sett i dette handlingsprogrammet, og i tråd med nasjonal forskrift på området. Tildelinga vil også skje etter innspel frå  Innovasjon Norge, Statsforvaltaren og næringa sine organisasjonar.

  • Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret.
  • Føretak som er registrert i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling.
  • Prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for landbruket i Vestland.
  • Midlane skal gå til mjuk infrastruktur, som til dømes utviklingsarbeid, kompetanseheving og tilrettelegging for næringsutvikling.
  • Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.  
  • Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.   
  • Prosjekt med regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioriterte.
  • Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast om det ikkje er ein del av eit definert utviklingsprosjekt. Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag. I enkelte høve kan fylkeskommunen løyve midlar til godt grunngjevne tiltak med form av drift.  
  • Drift av næringsverksemd eller organisasjonar
  • Kausjon eller anna økonomisk garanti
  • Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
  • Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
  • Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle kan prosjekt støttast med ein høgare sats, men aldri over 75 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket.
  • Godkjent timesats er inntil 1,2 promille av årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time.Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap. 
  • Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre. 

Det kan ikkje sendast søknad om støtte til same prosjekt frå både regionale tilretteleggingstiltak og rekruttering og kompetanseheving.

  • Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordningar
  • Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
  • Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar på kurs/aktivitet
  • Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan
  • Søknadssum
  • Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa