Kystskogmidlar 2023

Fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark lyser no ut Kystskogmidlar for 2023.

Den første meldinga om kystskogbruket blei vedtatt i fylkestinga i 2008. Dette markerte starten for trepartssamarbeidet kystskogbruket, som i tillegg til fylkeskommunane består av Skognæringa Kyst og Statsforvaltarne.

Kystskogbruket ved fylkeskommunane mottar årleg kystskogmidlar over Statsbudsjettet, framforhandla over Jordbruksavtalen. Midlane til kystskogbruket er gjennom ein tiårsperiode løyvd for å bygge opp infrastruktur og kompetanse i skognæringa langs kysten.

Det er satt av 6 mill. kroner over Landbrukets Utviklingsfond kap. 1150 post 50, til kystskogbruket for 2023. Midlane er tildelt fylkeskommunane i Agder, Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark. For 2023 overfører dei andre kystfylka sine midlar til Trøndelag fylkeskommune, som som administrerer ordninga på vegne av fylka.

Føremålet med midlane er å bidra til å løyse kystskogbruket sine utfordringar, og videreutvikle eit næringsretta skogbruk langs kysten, blant anna gjennom infrastrukturtiltak og kompetanse. Søknadane skal bidra til å realisere målsetningene i Melding om kystskogbruket 2022

Fylkeskommunene skal i forvaltning av ordninga legge vekt på å bygge vidare på det arbeidet som er gjort i kystskogbruket. Fylkeskommunane skal samordne seg slik at midlane i all hovedsak blir brukt til næringsretta fylkesoverbyggande prosjekt og slik at prosjekt som best bygger opp under føremålet med ordninga blir prioritert. Prosjekta skal være fellestiltak.