Kompetansenettverk for lokalmat

Lokale mat- og serveringsbedrifter kan få fagleg hjelp med vidareutvikling og verdiskaping gjennom Kompetansenettverket Vest.

Fem kompetansenettverk dekker heile Norge, og utarbeider tilbod om kurs, seminar, nettverk, studieturar, hospitering og besøksordning som er tilpassa bedriftene sine behov. Her finn de meir informasjon om kompetansenettverka og deira kurs 

Kompetansenettverket Vest har base på Sogn Jord- og Hagebruksskule, og har aktivitetar på ulike stadar i Vestland.  

Frå januar 2020 fekk Vestland fylkeskommune oppdragsgjevaransvaret for Kompetansenavet Vest. Tidlegare har Innovasjon Norge hatt denne oppgåva.