Oral helsekunnskap, haldningar og praksis hjå foreldre med innvandrarbakgrunn i Norge

Prosjekt

Innvandrarar utgjer 12 prosent av heile befolkninga i Norge, og har bakgrunn frå 222 ulike land og sjølvstyrte regionar. Mange faktorar har innverknad på innvandrarar sin sosioøkonomiske situasjon og på deira helse- og tannhelsestatus. Eksisterande ulikskap i tannhelse mellom enkelte innvandrargrupper og norskætta har vorte rapportert tidlegare. Innvandrarstatus har vore assosiert med høg grad av karies.

Kariesførebyggjande tiltak retta mot born og unge i Norge synes ikkje å vera like vellykka blant innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn som i befolkninga forøvrig. Kommunikasjonssvikt grunna etniske og kulturelle faktorar er mulege årsaker til at førebyggjande tiltak ikkje har samme effekt hjå innvandrarborn som blant norske born. Det synes å vera behov for forskingsbasert kunnskap om dei faktorar, sosiale, psykososiale og kognitive, som styrer tannhelserelatert atferd i familiar med innvandrarbakgrunn. Slik informasjon dannar grunnlag for planlegging og gjennomføring av effektive førebyggjande tannhelsetiltak retta spesifikt mot born med innvandrarbakgrunn.

Hensikta med studien:

  • I ein baseline undersøkelse, vurdere kunnskap, haldninger og atferd relatert til tannhelse blant innvandrarmødre med nyfødte born (0-3 månadar).
  • På bakgrunn av informasjon om innvandrarfamiliar sine tannhelserelaterte kunnskapar, haldningar og åtferd, utvikle og gjennomføre eit fleirsesjon informasjonsprogram, med hensikta å auke mødrene sine kunnskapar om borna si orale helse og betydninga av regelmessig ettersyn og å endre haldninger og åtferd (vanar) i ein tannhelsemessig gunstig retning.
  • I ei oppfølgingsundersøking 12 måneder etter baseline - evaluere effekten av informa-sjonsprogrammet m.o.t. mødrene sine kunnskapar, haldningar og åtferd relatert til tannhelse og m.o.t. barna sin karies status.

Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar

PhD-prosjekt:

  • PhD kandidat Irene Ness
  • Forskar Manal Mustafa (hovudvegleiar)
  • Forskar Elwalid Nasir (vegleiar)
  • Forskar Anne Nordrehaug Åstrøm (vegleiar)
  • Førsteamanuensis Maren L. Agdal (vegleiar)

Eksterneorganisasjonar og eksterne samarbeidspartnarar